Fekk på plass A-ramma på 'Nexans Aurora'

Published

Den 29. januar 2021 skulle den 150-tonns A-ramma monterast på DP3-kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'. Vi gjennomførte transporten og løftet av A-ramma, og brukte då multiwheelerane våre, lekteren og mobilkrana.

A-ramma i ferd med å bli løfta på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'.
A-ramma i ferd med å bli løfta på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'.

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er under bygging ved Ulstein Verft. Etter levering til Nexans i 2021 skal det arbeide i marknaden for fornybar energi til havs. ‘Nexans Aurora’ skal installere kablar på havbotnen, inkludert kablar som skal koble på havvindparkar til nettet.

Tungløftsavdelinga sine to multiwheelerar har ein samla kapasitet på 640 tonn, og vi brukte multiwheelerane til å transportere og deretter løfte opp A-ramma til vertikal stilling. Etter dette nytta vi mobilkrana av typen Demag CC2800-1, plassert på lekteren vår, til å løfte og posisjonere A-ramma. Krana kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter.

I store delar av februar har lekteren vore i bruk som arbeidsunderlag for andre typar kraninstallasjonar til fartøyet.

Den første av fire såkalla 'fairings' vart installert i akterenden av skipet i februar, med vår lekter som arbeidsunderlag.
Den første av fire såkalla 'fairings' vart installert i akterenden av skipet i februar, med vår lekter som arbeidsunderlag.

Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com