GLDD skriv engineeringskontrakt med Ulstein

Published


GLDD skreiv ein ‘basic design’-kontrakt med Ulstein i 2020. No ynskjer dei å få drahjelp frå Ulstein sin skipsbyggingskompetanse i realiseringa av skipet. Med ein ny engineeringskontrakt vert neste steg tatt for å realisere det første Jones Act-godkjende steininstallasjonsfartøyet til den amerikanske havvindindustrien.

I det vidare arbeid med eit nytt skipsdesign og ein ny skipstype for amerikanske verft og reiarar vil Great Lakes Dredge & Dock Co. LLC (GLDD) dra nytte av skipsbyggingserfaringane til Ulstein . Ulstein sine designselskap i Nederland og Ulsteinvik samarbeider tett i dette prosjektet. Ulstein skal stå for innkjøp av hovudutstyret, integrere skipsutstyret i designet, starte opp med detail design (engineering) og støtte GLDD i val av skipsverft, noko som vil redusere risiko og sikre ei best mogleg gjennomføring av prosjektet.

Les om basic design-kontrakten (desember 2020)

Kontrakten skal drive fram engineeringsarbeidet slik at skipet held seg på plan og kan vere operativt frå 2. kvartal 2024.

- Det er eit privilegium å samarbeide med Ulstein på dette milepælsprosjektet. I designutforminga på dette første amerikanske fartøyet innarbeider Ulstein det globalt beste når det gjeld praksis, kunnskapar og kreativitet. seier Mike Greenwood, senior project sponsor i GLDD.

- Det Kvite Hus har gitt havvindmarknaden høg prioritet, og spesialbygde fartøy som dette vil vere kritisk viktig for å utvikle denne industrien.

I følgje ei analyse frå World Energy Report vert meir enn 30 store amerikanske havvindprosjekt forventa å bli utvikla i løpet av dei neste 10 åra. Det vil tilføre nesten 88 milliardar dollar i CAPEX og ein årleg mogleg OPEX på 2,8 milliardar dollar på tvers av maritime industriar.

- Trass i Covid-19-pandemien har designprosessen og samarbeidet med GLDD vore svært produktivt og effektivt, seier Edwin van Leeuwen, administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions B.V.

– Eg gir honnør til både GLDD og Ulstein sine prosjektgrupper som for det meste har arbeidd frå heimekontor med dette prosjektet sidan juni 2020. Kontrakten er eit samarbeid mellom Ulstein sine design- og engineeringskontor i Nederland, Noreg og Polen, og i tillegg har den lange skipsbyggingskompetansen i Ulstein vore viktig.

Please contact us for more information

Companies

Edwin van Leeuwen Ulstein WEB BW
Edwin van Leeuwen

Managing director

Tel: +31 653144777

edwin.vanleeuwen@ulstein.com