Løfta og frakta bort gangbru frå boligrigg

Published

I fire dagar, frå 16. til 20. januar 2021, var Ulstein Verft si tungløftsavdeling på Averøy Industripark. Med hjelp av lekter, mobilkrana og Goldhofer multiwheelerane var vi godt rigga for å løfte ned ei gangbru frå ein boligrigg i oljeindustrien.

Kontakt | Jostein Sørnes | 992 51 705 | jostein.sornes@ulstein.com

Boligriggen skal bli slept til Tyrkia for opphogging, og i samband med dette måtte gangbrua og tilhøyrande delar takast av for mellomlagring.

Vi bygde om krana til 84 meter bom med 150 tonn på vogna. Vi hadde med oss SPMT Goldhofer multiwheelerane for å køyre delane bort til lekteren. Etter at krana var køyrt om bord igjen, lasta vi opp gangbrua med det som høyrde til og frakta alt på lekteren til Ulsteinvik.

Tungløftsavdelinga si beltekran, ein Demag CC2800-1 frå Terex, kan løfte opp til 600 tonn når ho står på land, og kan fraktast på lekter langs heile kysten. Vi har stor aksjonsradius, og held til sentralt på kysten, i Ulsteinvik på Sunnmøre. Etter ankomst må vi fjerne sjøsikringane og løfte opp hovedbommen til krana, slik at vi er klare til løfting om lag ein time etter at vi har kome fram.

Vi har brei erfaring frå mellom anna veg- og bruprosjekt, montering og frakt av ferjebruer og skrog, løft av laksemerder og båtar med meir, sjå eit utval av referansane våre her.

På vår eiga Facebook-side, Tungløft, får vi mange tilbakemeldingar frå både ut-og innland, frå folk som synest det er interessant å følgje oss. Ein av dei siste kommentarane vi fekk, var følgjande: "For en flott jobb du har! Greetings from the Netherlands!" - og dette er vi sjølvsagt heilt samde i!

Her står vi og planlegg arbeidet saman med representantar frå gangbru-leverandøren Uptime.
Her står vi og planlegg arbeidet saman med representantar frå gangbru-leverandøren Uptime.

Vi løftar deg til nye høgder

Les meir om kranløft, transport og prosjektering

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Jostein Sornes
Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tel: +47 992 51 705

jostein.sornes@ulstein.com