Ny oppgraderings- og vedlikehaldskontrakt for Ulstein

Published


Ulstein Verft har signert ein kontrakt med Remøy Management på oppgradering, vedlikehald og klassing av kabelleggingsskipet NKT Victoria. Det 140 meter lange skipet kom til Ulstein Verft 30. november 2021.

Salssjef ettermarknad Bjørn Harald Norvik i Ulstein Verft fortel at arbeidet som skal utførast vil involvere fleire av produksjonsavdelingane ved verftet, og vil halde fram om lag tre månader.


NKT Victoria vart bygd ved Kleven Verft og overlevert til kabelselskapet NKT i april 2017. Remøy Management driftar skipet. No er skipet tilbake til kommunen der det vart bygd for oppgradering, vedlikehaldsarbeid og 5-årsklassing.

- Vi er takksame for oppdraget vi har fått med NKT og Remøy Management og det passar fint inn med andre pågåande prosjekt ved verftet, legg salssjefen til.

Kabelleggingsskipet NKT Victoria skal ha utført oppgradering, reparasjon og 5-årsklassing ved Ulstein Verft.
Kabelleggingsskipet NKT Victoria skal ha utført oppgradering, reparasjon og 5-årsklassing ved Ulstein Verft.

(Toppfoto: Vikebladet Vestposten / Ole-Ottar Høgstavoll).

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Bjørn Harald Nordvik bw
Bjørn Harald Norvik

Sales Manager Aftermarket

Tel: +47 951 41 902

bjorn.harald.norvik@ulstein.com