Oppgraderings- og vedlikehaldsoppdrag for Island Offshore

Published


Ulstein Verft har skrive kontrakt med Island Offshore på oppgradering og vedlikehald av brønnstimuleringsskipet ‘Island Centurion’. Oppdraget er berekna til om lag tre veker, med oppstart i juni.

Kort etter at bygg 316 ved Ulstein Verft har vorte sjøsett, vil ‘Island Centurion’ i juni bli dokka inn i dokkhallen. Skipet vart bygd i 2011 og er no klar for klassing.

Ulstein Verft skal installere eit behandlingsanlegg for ballastvatn som også inkluderer rørinstallasjonar, og botnen av skipet skal malast og stellast.

- Mest truleg vil Island Offshore ønske meir arbeid utført og det kan også bli oppdrag for Schlumberger, som er charterer av skipet, seier May-Kristin Myklebust, produksjonssjef ved Ulstein Verft.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

May Kristin Myklebust
May Kristin Myklebust

Production manager

Tel: +47 482 13 925

may.myklebust@ulstein.com