Samarbeid mellom industriverksemder i ytre dokk

Published


I tørrdokka til Ulstein Verft er ein konstruksjon i ferd med å ta form. Ikkje i stål eller aluminium, men i betong. Det er Ulstein Betong Marine som byggjer ein fortøyings-/ serviceflåte for fartøy som skal brukast i Oslofjord-området.

Inne i dokkhallen til Ulstein Verft held ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution på å bli malt utvendig. Sjølv om byggnummer 316 treng all plassen inne i dokkhallen og også noko av plassen i tørrdokka utanfor, er der framleis plass til meir aktivitet. Den totale dokklengda, under tak og utandørs, er på heile 225 meter, medan skipet har ei total lengd på 124,4 meter. Ulstein Betong Marine, som produserer flytande betongkonstruksjonar, nyttar no det ledige arealet utandørs til å bygge ein fortøyingsflåte for små arbeidsbåtar.

Ulstein Verft vart løysinga

- Vi produserer flytande betongkonstruksjonar ved vårt anlegg i Haddal og har eigne tørrdokker til dette formålet. Vi fekk ein spurnad frå vår gode samarbeidspartnar Marina Solutions AS om å lage ein fortøyingsflåte på 20 gongar 30 meter med ei vekt tett på 1165 tonn. Ordreboka vår var full og vi såg etter andre løysingar for å få fortøyingsflåten produsert. Ein telefonsamtale til Ulstein Verft og ein prat med servicesjef Jan Peder Hoggen vart løysinga, seier Asbjørn Tronstad i Ulstein Betong Marine.

Må ferdigstillast i tide til utdokking

Ulstein Betong Marine arbeider på avgrensa tid i Ulstein Verft-dokka. Dei er nøydde til å ferdigstille flåten innan National Geographic Resolution skal dokkast ut, noko som skal skje kort tid etter at malingsarbeidet er avslutta.

- Vi er i rute og ser fram til å sjå flåten vår kome på vatnet samtidig med utdokkinga av ekspedisjonscruiseskipet. Det skal bli spektakulært å sjå, kommenterer Tronstad.

Jan Peder Hoggen ved Ulstein Verft set pris på at lokale aktørar i ulike industriar kan hjelpe kvarandre.

– Vi hadde ledig kapasitet i ytre dokk og Ulstein Betong Marine hadde eit behov. Det er eit godt utgangspunkt for eit samarbeid. Sidan flåten skal sjøsettast samtidig som byggnummer 316, vil det ikkje påverke framdrifta for oss. I dette samarbeidet er det berre oppsider for begge partar, fortel han.

Please contact us for more information

Jan Peder Hoggen
Jan Peder Hoggen

Manager service dept

Tel: +47 909 62 279

jan.peder.hoggen@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com