Strøyma direkte til framtidas skipsdesignarar

Published


I alle andre år tek Ulstein Verft i mot studentgrupper på besøk, men Covid-19 sette ein bråstopp for gruppebesøk. Då fann den programansvarlege for skipsdesignstudiet ved NTNU Ålesund ei løysing.

Håvard Vollset Lien er ansvarleg for studieprogrammet til skipsdesignstudentane, og kvart år brukar desse studentane å kome på omvisning til Ulstein Verft. Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg i Ulstein har undervist skipsdesignstudentane ved NTNU Ålesund sidan 2008.

I år skal Ulstein Verft levere to nybygg, ekspedisjonscruiseskipet ‘National Geographic Resolution’, som har vorte designa av Ulstein, og kabelleggingsskipet ‘Nexans Aurora’, som har vorte designa av Skipsteknisk.

For tre år sidan var Vollset Lien involvert i å designe ‘Nexans Aurora’, då han på den tida arbeidde som designsjef i Skipsteknisk. No er ‘Nexans Aurora’ i sluttfasen av byggeprosjektet, og Vollset Lien har naturleg nok vore svært ivrig etter å vise studentane nybygget.

Sidan situasjonen ikkje opna for å invitere studentane til skipet, måtte skipet bringast til studentane. Vollset Lien kom på ideen om å direktestrøyme frå skipet, i samband med at han tidlegare i april fekk ein guida tur om bord av Knut Flage, som er Vessel Operations Manager i Nexans og ein av Nexans sine representantar ved Ulstein Verft under byggeprosjektet.

- Eg var veldig usikker på om dette i det heile tatt var gjennomførleg, då ein er omgitt av mykje metall om bord på eit fartøy, seier Vollset Lien.

- Signala var ganske svake under dekk, men alt i alt greidde eg å strøyme ganske mykje til studentane, og eg trur dei sette pris på det, legg han til.

Vollset Lien og Flage gjekk mellom anna gjennom område som brua, fleire lugarar, fellesrom som messe og bysse, det svære treningsstudioet, garderobar, dekksområda, kabelleggingsområda og maskinrommet.

Denne praktiske tilnærminga der teorien møter det verkelege livet er verdifullt for studentane. Og Bachelor-studentane i Skipsdesign ved NTNU Ålesund har noko å sjå fram til i 2021/-22-semesteret, då kjem Håvard Vollset Lien og Øyvind Gjerde Kamsvåg til å dele på forelesingane i faget ‘Skipsdesign’.

Vi håpar på at neste gong vil studentane sjølve få kome om bord på besøk og at Covid-19-restriksjonar vil vere noko som ligg bak oss.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com