Vurderer hydrogenbrenselsceller for containerskipskonsept

Published


Eit samarbeid om konseptdesign for eit containerskip med grøne kraftløysingar vart nyleg annonsert. EDGE Navigation og ULSTEIN vurderer no bruken av modulære hydrogenbrenselsceller for å oppnå fossilfri framdrift, og samarbeider med ABB for å utvikle løysinga basert på brenselsceller frå Ballard Power Systems.

Nyleg annonserte EDGE Navigation og Ulstein eit samarbeid om konseptdesign for eit X-BOW-containerskip der selskapa ville legge til rette for grøne kraftløysingar for fossilfrie operasjonar.
No er partnarane i gong med å vurdere bruken av modulære hydrogenbrenselsceller saman med ABB og Ballard Power Systems.

- Hydrogen er i ferd med å vekse fram som framtidig energiberar på tvers av bransjar, og vi er glade for å jobbe saman med ABB og Ballard Power Systems om å utvikle ei løysing for modulære hydrogenbrenselsceller for designa som Ulstein Design & Solutions AS utviklar. Ved å utvikle eit nytt, effektivt design for containerskip, som også inkluderer ULSTEIN X-BOW®, vil vi forenkle overgangen til grøn energidrift for containerskip. I EDGE Navigation har vi ein ambisjon om å få økonomiske, skalerbare containerskip med fossilfri framdrift ut i marknaden innan 2025. Med Ulstein si innovative tilnærming vil vi ha fleksibilitet på designsida til å kunne tilpasse fartøya til befraktarane sine ønske om drivstoff, seier Jakob Tolstrup-Møller, administrerande direktør i EDGE Navigation.

- Frakteskipa står for tre prosent av dei globale klimagassutsleppa (greenhouse gas - GHG). Med dei fallande kostnadene innan fornybar energi og teknologi kan vi få utvikla nye, effektive design som vil legge forholda til rette for energiomstillinga i den maritime industrien. Eit paradigmeskifte innan kva energi som vil bli brukt til maritimt drivstoff framover vil vere uunngåeleg. Ein kvar innsats for å redusere dei globale GHG-utsleppa må også omfatte investeringar i å redusere GHG-utsleppa i den globale forsyningskjeda, slår Tolstrup-Møller fast.

- Med den stadig aukande etterspurnaden etter løysingar for berekraftig og ansvarleg skipsfart, er vi sikre på at hydrogenbrenselsceller vil spele ei viktig rolle i å hjelpe den maritime industrien til å nå måla for CO2-reduksjon. Vi er glade for å samarbeide med Ulstein og EDGE Navigation om å utforske løysingar for eit berekraftig containerskip med ei innovativ brenselscelleløysing som ABB utviklar saman med Ballard Power Systems, seier Jostein Bogen, som er Global Product Line Manager for Electric Solutions, ABB Marine & Ports.

Jesper Themsen, som er administrerande direktør i Ballard Fuel Cell Systems Europe AS, utdjupar:

- PEM-brenselscellesystema våre gir ei nullutsleppsløysing med særleg stor verdi for applikasjonar som treng medium til stor kraftyting, blant anna fartøy, bussar, lastebilar og tog. Vi er glade for å samarbeide med ABB om å følgje opp behova til den maritime industrien, og ser no at Ulstein og EDGE Navigation ønskjer å bruke Ballard sitt brenselscellesystem til containerskipskonseptet.

- I denne fasen der vi skal utvikle konsept for dei framtidige, grøne X-BOW containerskipa er det viktig å kunne samarbeide med framtidsretta aktørar, seier kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions, Lars Ståle Skoge, og legg til: - Vi set pris på at ABB og Ballard bidreg inn i dette stadiet av prosjektet.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com