Vellukka prøvetur for Lindblad sitt neste ekspedisjonscruiseskip

Published

6. september 2021: Prøveturen til polarskipet National Geographic Resolution, som er under bygging ved Ulstein Verft for Lindblad Expeditions, har pågått gjennom heile helga. Alle testane har gått som planlagt og dei involverte er godt nøgde med skipet og framdrifta.

Ein nøgd prosjektleiar Per Svein Brekke om bord på brua.
Ein nøgd prosjektleiar Per Svein Brekke om bord på brua til National Geographic Resolution under prøveturen.


Lindblad og Ulstein sine team samla
På ein slik prøvetur er fleire selskap og disiplinar representerte om bord i tillegg til representantane frå Lindblad og Ulstein, og eit godt samarbeid må til for å gjennomføre alle postane på prøvetursprogrammet. Programmet inkluderer ulike manøvrar som 360-graders svingtest og effekttestar, i tillegg til sikkerheits- og naudtestar.

Svingtest pågår.
Svingtest pågår.

Skipsbyggingsprosjektet i sluttfasen
Ekspedisjonscruiseskipet returnerte måndag morgon, 6. september, til verftet der ferdigstillinga og overleveringa av skipet står att før skipet kan ta med sine første passasjerar på cruise i Antarktis. ‘National Geographic Resolution’ er eit CX104-design frå Ulstein Design & Solutions, og er eitt av tre skip som vart nominerte til utmerkinga ‘Årets Skip 2021’.

National Geographic Resolution, foto Uavpic.com
National Geographic Resolution, foto Uavpic.com

Søsterskip
Fartøyet er søsterskip av ‘National Geographic Endurance’, som vart levert i mars 2020. Som følgje av Covid-pandemien vart skipet liggande lenge ved kai ved Ulstein Verft, men skipet har no gjennomført sine første ekspedisjonar på Island. I følge kaptein Aaron Wood gjer fartøyet seg bemerka. - Det er eit skip med store krefter, men mjuke rørsler, og gjestane våre er svært begeistra. Vi har fått veldig positive tilbakemeldingar. Skipet er komfortabelt og behageleg med svært lite vibrasjonar.

Testane pågår både dag og natt, foto Tore Olsen Ringstad.
Testane pågår både dag og natt, foto Tore Olsen Ringstad.


Please contact us for more information

Companies