Årets industridesignselskap 2022

Published


Den 20. oktober 2022 fekk Ulstein prisen som 'Årets industridesignselskap'. Juryen uttalte at Ulstein Group har ‘design som ein del av sitt DNA. Verda står overfor enorme utfordringar, og selskapet jobbar med å løyse desse utfordringane ved å tenke nytt og jobbe på tvers av fag og bransjar’.

På Industridesignkonferansen i Ålesund fekk fleire bedrifter tildelt ulike prisar. Vinnarar blei Spilka (berekraftsprisen), KAAPE (prisen for beste industrielle nykomar), Slettvoll (prisen for årets merke), Glamox (prisen for beste visuelle identitet), og til sist ULSTEIN (prisen for årets industridesignselskap.)

Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg og designsjef Ann Katrin Barstad tok imot prisen på vegner av alle tilsette i Ulstein Group: - Ulstein Group er svært takknemleg for å få denne prisen. Det er ein stor applaus til alle i Ulstein for å drive utvikling og å få selskapet til å skilje seg ut.

Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg og designsjef Ann Katrin Barstad tok i mot Årets Industridesignselskap-prisen på vegner av alle i Ulstein. Foto: Tone Molnes.
Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg og designsjef Ann Katrin Barstad tok i mot Årets Industridesignselskap-prisen på vegner av alle i Ulstein. Foto: Tone Molnes.

Om utmerkinga Årets Industridesignselskap

Prisen Årets Industridesignselskap går til ei bedrift frå Sunnmøre som brukar design aktivt i utvikling og produksjon av sine produkt og i heile organisasjonen.

Tenker annleis og heilheitleg

Ulstein vart utpeikt som vinnar av prisen på grunn av den generelle innovative utviklinga i nye segment dei siste åra, og gjennom det innovative arbeidet med å drive fram nye produkt og konsept som ECOFIVE-trålardesignet, ULSTEIN THOR-konseptet og TWIN X-STERN.

Den fullstendige grunngjevinga frå juryen er som følgjer:

«Vinnaren av denne kategorien har utmerka seg med å ha design som ein del av sitt DNA. Verda står overfor enorme utfordringar. For å løyse desse utfordringane er det essensielt å ikkje berre tenke nytt, men jobbe saman på tvers av fag og bransjar. Årets vinnar gjer dette. Dei har jobba med industridesign over mange år og bygd opp sterk lokal designkompetanse. Dei brukar også design som heilheitleg verktøy for å lage gode løysingar strategisk, fysisk og digitalt. I dei seinare år har dei omstilt drifta som resultat av omveltingar i marknaden. Dei har også utforska og tatt ein tydeleg posisjon i nye marknader. Men dei nøyer seg ikkje med det. Dei utforskar også korleis dei kan ta ein tydeleg posisjon i framtidas marknad. Dei vekker internasjonal oppsikt og er verkeleg ei ikonisk merkevare i regionen».

Innovasjonskraft

- Det er flott å bli lagt merke til, og det viser kva slags innovasjonskraft som driv folka i Ulstein. Gjennom hardt arbeid og skaparglede kjem vi til å halde fram med å utfordre oss sjølve og bruke ekspertisen vår til det beste for kundane våre, seier konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.

Fekk tilsvarande pris i 2019

I 2019 vart Ulstein tildelt prisen 'Beste Industridesignselskap' på den same konferansen, grunngjevinga den gongen var selskapet si utvikling av ULSTEIN X-BOW.


Please contact us for more information

Contacts

Companies