James Fisher-gruppering satsar på innovativt SOV-konsept med TWIN X-STERN

Published


James Fisher and Sons plc annonserer eit samarbeid om konseptet ‘Diamond SOV’ basert på ULSTEIN SX221-designet, eit TWIN X-STERN serviceoperasjonsskip (SOV) for havvind. Konseptet skal støtte Storbritannia sitt mål om 50 GW havvindenergi innan 2030.

Konseptet er resultatet av eit omfattande samarbeid i ‘Diamond consortium’, som er sett saman av dei fire maritime industrileiarane James Fisher and Sons plc, Ulstein Design & Solutions AS, DnV og Graig.

Konseptet er eit framtidsretta design for å møte den auka etterspurnaden etter SOV-ar, redusere dei utjamna energikostnadene (levelized cost of energy) og levere på høgt nivå innan driftssikkerheit, komfort og berekraft. Konseptet skal støtte Storbritannia si forsyningskjede på havvind og landet sin nullutsleppsstrategi.

Ulstein sitt TWIN X-STERN-design kan forklarast som eit skip med to akterendar og fire hovudpropelleiningar. Dette forbetrar det operasjonelle vindauget og gjer fartøyet ideelt for drifting av havvindparkar. I tillegg vert komforten auka som følgje av redusert støy, noko som har høg verdi for mannskapet og teknikarane som oppheld seg om bord. Med høg yting i begge retningar, gjer funksjonaliteten til TWIN X-STERN at talet på transporterte teknikarar per dag aukar, i tillegg til at drivstoffkostnadene per overføring vert reduserte.

- Vi valte å gå med ULSTEIN på grunn av referansane deira på suksessfulle, innovative skipsdesign. Vi meiner at TWIN X-STERN er det beste valet for serviceoperasjonar på offshorevindparkar. Filosofien bak konseptet har blitt brukt med suksess på andre fartøysegment i mange år, nemleg å utvikle ei grad av detaljering som møter eit marknadsbehov samtidig som det opnar for ei stor grad av tilpassingar og konfigurasjonar for individuelle eigarar og utviklarar.

Jim Hey
konserndirektør for forretningsutvikling, James Fisher


Stordriftsfordelar

Konseptet set berekraft i fremste rekke, og adresserer logistikkvanskar i forsyningskjedene med ei skalerbar, modulær løysing der seriekonstruksjon og høgt volum kan møte vindfarmutviklarane sine avgrensingar i tid og budsjett.

- Å bygge SOV-ar i seriar gir betydelege stordriftsfordelar og designet kan bli bygd på fleire verft samtidig. Etterspurnaden etter SOV-ar i Storbritannia og elles er venta å auke mot slutten av tiåret, og dette spennande nye konseptet plasserer Storbritannia i sentrum for å verkeleggjere globale havvindambisjonar, forklarar Jim Hey.

Oppfyller miljømåla

- Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med DnV i mange år gjennom Diamond-forretningsmodellen som vert leia av Graig, seier Hugh Williams, administrerande direktør, Graig Shipping PLC. - Vi brukar no denne skalerbare strategien på dei globale havvindmarknadene med eit spesielt fokus på britisk farvatn, og bidreg med dette til å møte miljømåla som ligg føre oss.

Diamond Consortium er for tida i diskusjon med store verftsgrupper for å nå spesifikasjonane i samarbeid med utvalte kundar, med sikte på ferdigstilling av det første fartøyet innan utgangen av 2024.

Moglegheitene i digitalisering og berekraft

– Med større turbinar som vert installerte lenger ute på havet, vil fartøyet og mannskapet reise lengre avstandar og arbeide over lengre periodar i tøffare miljø, seier Arnstein Eknes, segmentdirektør, Special Ships, DnV. Han held fram:

- Moglegheitene som ligg i digitalisering og introduksjon av berekraftige løysingar, saman med høg operabilitet, er avgjerande for neste generasjon SOV-ar. Det er grunnen til at vi er begeistra over å fronte utviklinga av smarte notasjonar og tenester som ligg i dei nye løysingane for denne neste-generasjons serviceoperasjonsskip - ULSTEIN SX221 Diamond SOV.

Siste teknologi innan havvind

Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions AS kommenterer:

- Vi set stor pris på at designet vårt har vorte valt for dette prosjektet. Vi er glade for å kunne bidra med vår nyaste teknologi til den veksande havvindmarknaden. Det å kunne vere i stand til å levere på utsleppsmål og operasjonsevne blir stadig viktigare når kontraktar for service av havvindparkar skal bli tildelte.

Dei prisvinnande designa til Ulstein Design & Solutions har fleire gongar vist seg å vere konkurransefortrinn for reiarlaga. Det nye ULSTEIN TWIN X-STERN-konseptet forbetrar manøvreringsevna, rørslene i skipet og evna til å halde seg i posisjon, eigenskapar som gjer TWIN X-STERN ideell for service av havvindparkar.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com