Korleis levere skipa til rett tid?

Published


Ved planar om nybyggingsprosjekt for skip vert ofte levering til rett tid undervurdert. Forsinka levering kan potensielt representere betydeleg meirkostnad for eigaren av skipet, og levering til avtalt tid er derfor viktig. Ulstein Verft er kjend for sine presise leveringar. Kva gjer dei for å oppnå dette?

Kostnaden for forsinka levering kan relatere seg til det tapet som skipseigaren må ta, til dømes kontraktsforpliktingar som ikkje kan innfriast, eller behovet for å leige eit anna fartøy for å gjere jobben nybygget skulle ha gjort. I andre tilfelle vel reiaren å overta ansvaret for å sluttføre bygginga av fartøyet, kostnadar knytt til finansiering og andre indirekte kostnadar.

Storleik og kompleksitet er avgjerande for byggetida

Storleiken og kompleksiteten til fartøyet er avgjerande for tida det tar å bygge. Sjølv om det er i reiaren si interesse at byggeperioden blir så kort som mogleg, er det ikkje alltid like enkelt å få til. Dei siste åra har vi sett fleire komplekse skipsbyggingsprosjekt som har ført til betydelege forseinkingar, noko som har vore negativt både for skipseigaren og skipsverftet.

Nybygging av cruiseskip

Eitt eksempel er bygginga av ekspedisjonscruisefartøy. Desse fartøya er små til mellomstore fartøy som tilbyr cruise til unike destinasjonar som Galapagos, Arktis og Antarktis. I mange tilfelle har fartøya spesielle funksjonar som isklasse, system for handtering av mindre tenderbåtar og hangarar, symjebasseng og mange andre fasilitetar som gjer opplevingane og livet om bord unikt, men som då også medfører auka kompleksitet ved konstruksjon av fartøyet.

For å imøtekome ein sterkt aukande vekst i passasjerauke innan segmentet ekspedisjonscruise, var det ein historisk høg aktivitet i kontrahering av nybygg i perioden 2016 til 2018. Denne marknadsinteressa førte til eit sterkt fokus på korte leveringstider.

Gjennomsnittleg forseinking på dei 32 skipa som blei leverte i perioden 2017 - 2021 var 139 dagar. Cruiseselskapa fekk dermed i gjennomsnitt nybygga sine nesten fem månadar seinare enn opphavleg avtalt – med andre ord tapte fartøya ein heil polarsesong.

Ni av desse fartøya vart forseinka med meir enn seks månadar, og fem av desse blei forseinka i nesten eitt år.

Berre åtte fartøy ble levert innan 30 dagar etter avtalt leveringsdato.

Kjende for punktlege leveringar

Ulstein Verft er kjende for punktlege leveringar, og nyleg leverte dei ekspedisjonscruisefartøyet ‘National Geographic Resolution’ på avtalt leveringsdato.

‘Resolution’ blei levert siste veka i oktober 2021 frå Ulstein Verft, og var allereie i fullt arbeid i Antarktis i midten av november. Fartøyet blei bygd under ein verdsomspennande pandemi som i stor grad avgrensa internasjonale reiser, og gjorde det vanskeleg for mange leverandørar som skulle gjennomføre sine leveransar til fartøyet, og ikkje minst for dei leverandørane som skulle ha ein arbeidsstokk om bord i skipet for å gjennomføre sine oppdrag.

Fotoet nedanfor frå 2020 viser 'Resolution' (til høgre) og systerfartøyet 'National Geographic Endurance', på ulike stadium av ferdigstilling. Kabelleggingsfartøyet ‘Nexans Aurora’, der berre akterenden kan sjåast på biletet, er her under bygging inne i dokkhallen.

'Nexans Aurora', 'National Geographic Endurance' og 'National Geographic Resolution' i ulike stadium av nybyggingsprosessen ved Ulstein Verft. Foto: Oclin.
'Nexans Aurora', 'National Geographic Endurance' og 'National Geographic Resolution' i ulike stadium av nybyggingsprosessen ved Ulstein Verft. Foto: Oclin.

Kabelfartøy og verdien av levering på tid

Kabelleggingsskipet ‘Nexans Aurora’ er eit anna eksempel på levering til rett tid frå Ulstein Verft. For kabelleggingsfartøy er levering til rett tid heilt avgjerande for at skipseigar skal kunne gjennomføre sine kontraktar på installasjon av kablar. Forseinka levering vil føre til forseinka kabelinstalleringsprosjekt og dei påfølgande prosjekta der kablane krevst, som til dømes vindparkane. Løysinga vil ofte vere at reiaren vil måtte leige eit eksternt fartøy for å utføre arbeidet, med dei kostnadar det medfører.

Kva gjer Ulstein Verft for å kunne levere slike komplekse prosjekt på tid?

Det er tre hovudgrunnar som forklarar evna til å levere punktleg:
Ein dyktig arbeidsstokk, kompetent leiing av nybyggingsprosjektet og i kontroll på forsyningskjeda, samt moderne fasilitetar som inkluderer ei overbygd dokk.

1. Kompetente ressursar

Dei tilsette er den viktigaste enkeltressursen i Ulstein, og hovudårsaka til at Ulstein Verft gjer det så godt på levering. Den erfaringa og ekspertisen som er opparbeidd over lang tid har blitt overført frå generasjon til generasjon av skipsbyggjarar sidan 1917, og bidreg til å gjere arbeidsstokken høgt kvalifisert.

Å forstå fartøyet, operasjonane og teknologien om bord er viktige element for eit vellykka skipsbyggingsprosjekt. Ulstein er ein integrert designar, skipsbyggjar og livsløpstenesteleverandør, noko som gir ein unik styrke.

2. Prosjektleiing og styring av leverandørkjeda

Leiinga i nybyggingsprosjektet og av leverandørkjeda spelar ei viktig rolle i effektiv bruk av ressursar.

Samarbeid i verdikjeda er avgjerande for suksess i komplekse prosjekt. Under Covid-19 har dette samarbeidet blitt endå viktigare, då mellom anna reiserestriksjonar gjorde det vart naudsynt med eit endå tettare samarbeid.

Fartøy for segment som ekspedisjonscruise, RoPax (passasjer-/bilferjer), serviceskip for havvind eller kabellegging krev ein samansett kompetanse som ikkje er lett tilgjengeleg. Det er berre nokre få selskap som er i stand til å levere kritiske system som landgangar, kabelleggingssystem eller system som handterer tenderbåtar. Ulstein har utvikla eigen kompetanse og bygd opp eit sterkt samarbeid med eit nettverk av leverandørar for slike kritiske systemleveransar.

Ulstein har gjennom åra samarbeidd med anerkjende universitet nasjonalt og internasjonalt for å vidareutvikle eksisterande kunnskap om skipsbyggingsstrategiar. Følgjande figur gjenspeilar ein studie som evaluerer korleis fire ulike skipsbyggingsstrategiar verkar inn på leveringstid og produksjonstimar.

Skipsbyggingsstrategiar for norske verft. (Semini et al., 2017).
Skipsbyggingsstrategiar for norske verft. (Semini et al., 2017).


3. Førsteklasses skipsbyggingsfasilitetar

Ulstein Verft si overbygde dokk, dokkhallen, gir eit konkurransefortrinn med omsyn til produktkvalitet og arbeidsforhold. Den overbygde dokka vert også utnytta med tanke på skipsbyggingseffektivitet. Planlegging av aktivitetar kan bli gjort utan å tenke på vêrforholda, sidan regn, vind eller snø ikkje vil påverke arbeidet som går føre seg i dokkhallen.

Verftet er kompakt, med plassering av lager og dei naudsynte funksjonar for effektiv skipsbygging, spelar også ei viktig rolle for å auke produktiviteten og sikre levering til rett tid. Ved Ulstein sitt anlegg er det kort avstand til lager og enkel tilgang for personell og utstyr til fartøya, som anten ligg i dokkhallen, i ytre dokk eller ved ei av dei tre utrustningskaiene som er tilgjengelege.

Nær verftet er også eit område der ein gjennomfører prøveturar. Det krevst derfor ikkje lang seglingstid med skipet for å utføre testing av skipet sine system og ytingar.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Lars Luhr Olsen Dsc9292 Landscape Bw
Lars Lühr Olsen

Managing director

Tel: +47 908 49 800

lars.luhr.olsen@ulstein.com