Olympic kontraherer inntil fire havvindfartøy ved Ulstein Verft

Published


Olympic kontraherer to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) og to opsjonar til havvind for bygging ved Ulstein Verft. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp. Dei er baserte på ULSTEIN SX222-designet med TWIN X-STERN frå Ulstein Design & Solutions AS.

Stig Remøy (Olympic) og Lars Lühr Olsen (Ulstein Verft) har gjort avtale om bygging av havvindskip.
Stig Remøy (Olympic) og Lars Lühr Olsen (Ulstein Verft) har gjort avtale om bygging av havvindskip.


Olympic sin flåte arbeider innan subsea og fornybar energi. Olympic vart etablert i Fosnavåg i 1996, og er ein viktig aktør i den maritime klynga på nordvestlandet. Selskapet har tidlegare bygd seks skip ved Ulstein Verft og var den første kunden til Ulstein Design & Solutions. No satsar Olympic igjen lokalt.

"For oss vil det vere avgjerande at skipa vert leverte til rett tid og kvalitet, og dette er det Ulstein Verft er kjende for".
Stig Remøy, Olympic Group

- Dette gjer at vi kan møte kundane sine krav om å få skipa i arbeid til avtalt tid. TWIN X-STERN er eit smart designkonsept for lavt energiforbruk. Serviceskipa innan havvind ligg størstedelen av tida på posisjon ved turbinane, med hovudpropellar framme og bak vil dei ta ned energibehovet til eit nytt nivå når skipa ligg på posisjon, seier konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group.

TWIN X-STERN: Med hovudpropellar framme og bak vil desse skipa ta ned energibehovet til eit nytt nivå når dei ligg på posisjon ved vindturbinane.
TWIN X-STERN: Med hovudpropellar framme og bak vil desse skipa ta ned energibehovet til eit nytt nivå når dei ligg på posisjon ved vindturbinane.

Investerer i den norske maritime klynga

- ­­Som eit lokalt reiarlag har det vore viktig for oss å satse på den maritime klynga. Med verft, designar, leverandørar og Vartdal Invest som medinvestor er dette eit prosjekt med sterk lokal forankring, understrekar han.

- Vi er svært glade for å jobbe med Olympic igjen, ein viktig og innovativ kunde vi har hatt eit svært godt samarbeid med gjennom mange år og gjennom mange komplekse og vellukka prosjekt tidlegare, seier konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein Group, og held fram:

- Med det noverande krevjande økonomiske og politiske landskapet, er desse kontraktane eit resultat av eit pragmatisk og godt samarbeid mellom partane, der begge partar har strekt seg langt for å finne gode og berekraftige løysingar. Som eitt av dei sentrale reiarlaga i den norske maritime klynga meiner Olympic at ein ordre ved eit norsk verft gir viktige ringverknader i heile klynga.

Mogleggjer nullutslepp i havvind

ULSTEIN SX222-fartøya har ei lengde på 89,6 meter og ei breidde på 19,2 meter. Dei har plass til 126 personar fordelt på 91 lugarar. Skipa er førebudde for framtidige krav på havvindfelta. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Skipa er førebudde for metanoldrift og det er sett av plass for ytterlegare batterikapasitet for heilelektrisk drift når infrastrukturen til lading har kome på plass.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet sikrar høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

Olympic sine ULSTEIN SX222-skip til offshore vind: Skrogforma og framdriftssystemet sikrar høg operabilitet, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.
Olympic sine ULSTEIN SX222-skip til offshore vind: Skrogforma og framdriftssystemet sikrar høg operabilitet, gode sjøeigenskapar og redusert miljøavtrykk.

– Vi har samarbeidd tett med Olympic om detaljane i dette prosjektet og ser fram til å kome i gong med nybyggingsprosjektet, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør i Ulstein Verft. - Vi set stor pris på tilliten Olympic gir oss og vil legge oss i selen for å kunne levere i samsvar med avtalt kvalitet og leveringstid. Skipa er planlagt leverte vår og sommar 2024.

Dette er viktige kontraktar også for Ulstein Power & Control som skal levere ei omfattande kraft- og automasjonspakke, inklusiv ein stor batterileveranse.

Olympic skriv skipsbyggingskontrakt på 2+2 CSOV-havvindskip ved Ulstein Verft.
Olympic skriv skipsbyggingskontrakt på 2+2 CSOV-havvindskip ved Ulstein Verft.

Please contact us for more information

Contacts

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com