Oppstart på Olympic sine CSOV-skipsbyggingsprosjekt

Published


Brennestarten på Ulstein Verft sitt byggnummer 318 vart gjennomført på skrogverftet Crist den 18. november 2022. Havvindskipet er det første av to konstruksjonsstøttefartøy som skal byggast for Olympic, og begge er planlagt for levering i 2024.

Brennestarten er den første milepålen i eit skipsbyggingsprosjekt og symboliserer oppstarten på prosjektet. Det var Marius Bergseth, Chief Operational Officer i Olympic som trykte på startknappen til brennemaskina.

Brennemaskina vart starta av Marius Bergseth i Olympic, og dermed er bygginga av første Ulstein-designa havvindskip for Olympic i gong på Crist.
Brennemaskina vart starta av Marius Bergseth i Olympic, og dermed er bygginga av første Ulstein-designa havvindskip for Olympic i gong på Crist.

Skipa er baserte på CSOV-designet (Construction Service Operation Vessel) av designtypen SX222 frå Ulstein Design & Solutions AS.

Skipet er mellom dei første som er utvikla med TWIN X-STERN, eit skip med to hekkar og hovudpropellar i kvar ende for å auke driftssikkerheita og fleksibiliteten.

TWIN X-STERN: Olympic har bestilt 2 (+2) CSOV-skip til havvindindustrien, skipa er designa av Ulstein.
TWIN X-STERN: Olympic har bestilt 2 (+2) CSOV-skip til havvindindustrien, skipa er designa av Ulstein.

Innovasjonskrafta blomstrar i den maritime klynga på Sunnmøre

Då konsernsjef Stig Remøy i Olympic møtte dei Ulstein-tilsette etter å ha signert nybyggingskontrakten, sa han følgjande:

- Fornybar energi er framtida, no er vi i ein overgang bort frå fossile drivstoff sjølv om vi framleis vil vere avhengige av dei i lang tid. Utviklinga på skip har vore formidabel. Når vi ser tilbake på dei første skipa i flåten vår, som på den tida var dei fremste på drivstoffeffektivitet, og no på desse CSOV-fartøya, så er det ein imponerande reduksjon i drivstofforbruk. Det er mykje spennande som skjer innan havvind, og desse nybygga vil sette ein standard for ein ny generasjon havvindskip – der det operasjonelle handlingsrommet er utvida samtidig som utsleppa er reduserte.

- Innovasjon, nyskaping og utvikling skjer her på Sunnmøre. Vi har fått spørsmål om kvifor vi ønskjer å bygge desse skipa på Ulstein Verft. Vi har fått seks skip frå dette verftet tidlegare. Dei var av høg kvalitet og dei vart leverte på tid. Alle saman. Og det same no: Kvar skal ein bygge skip slik situasjonen i verda er no? Jau, på Ulstein, der får ein skip på kvalitet og til avtalt tid. Eg har stor tru på at de greier dette igjen. Det var kjekt å gjere denne kontrakten her. Det er ikkje sikkert dette er siste gongen, det er to opsjonar også.

Representantar frå Ulstein og Olympic på kaia ved Ulstein Verft.
Representantar frå Ulstein og Olympic på kaia ved Ulstein Verft.

Samarbeid og drivkraft

- Det er viktig å drage i lag for å få gode prosjekt, og dette prosjektet var mogleg på grunn av reiarlaget, Ulstein og leverandørane strekte seg langt. Dette samspelet er så spennande å vere med på, der alle partar jobbar i lag for å få fram gode løysingar, seier Kolbjørn Moldskred, salssjef nybygg, i Ulstein Verft.

Ulstein Verft sin produksjonssjef May Kristin Myklebust og salssjef Kolbjørn Moldskred, saman med COO i Olympic, Marius Bergseth (til høgre). Foto: Crist.
Ulstein Verft sin produksjonssjef May Kristin Myklebust og salssjef Kolbjørn Moldskred, saman med COO i Olympic, Marius Bergseth (til høgre). Foto: Crist.

Please contact us for more information

Companies

Contacts