Trålar nominert til innovasjonspris

Published


På Nor-Fishing-messa i august blir det delt ut ein innovasjonspris til eit utvalt produkt eller løysing. Ulstein sitt design på ein trålar til Bluewild er ein av dei tre nominerte.

Tre kandidatar er kåra til årets innovasjonspris for deira utviklingsprosjekt for fiskerinæringa.

Fiskeriselskapet Bluewild AS, Ålesund og Ulstein Design & Solutions AS, Ulsteinvik har, saman med fleire aktørar i den maritime klynga utvikla eit totalkonsept for ein fabrikktrålar der hovuddelen av innovasjonen i prosjekt ligg i eit nyutvikla fangstmottak og handtering av trålen. Fisken vert overført levande under vasslinja til vasstankar om bord før han vert bløgga og overført etappevis til fabrikkanlegget. Ferdige fiskeprodukt vert nedfrosne til 35 grader minus i avanserte fryselager. Fartøyet har hybrid dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift med to propeller og rordyser. Basert på den operasjonelle profilen til skipet har ein planlagt framdriftssystemet og systemintegrasjonen som gjer drivstoffinnsparingar på minst 25 prosent per kilo produsert fiskeprodukt mogleg, samanlikna med eit konvensjonelt kraftsystem. I enkelte operasjonar, saman med dei andre energiøkonomiserande tiltaka om bord, kan dette talet bikke 40 prosent. Denne betydelege reduksjonen i energibehovet fører ikkje berre til reduserte drivstoffutgifter for fiskeriselskapet, men vil også gi ein vesentlig reduksjon i utslepp av klimagassar.

Dei to andre nominerte er Marin Teknikk og Ervik Havfiske for utviklinga av eit kombinert fiske- og fangstfartøy for trål og krabbefiske, og Ocean Space Acoustics for utviklinga av utstyret PingMe som skal hindre tap av fiskeredskap og fangst som står i sjøen, og gjere fisket meir effektivt.


Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge, commercial director at Ulstein Design & Solutions AS
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com