Ulstein Verft oppgraderer Windea Leibniz til utvida arbeid i havvind

Published


SOV-skipet Windea Leibniz returnerer til Ulstein Verft for ei oppgradering. Verftet skal montere ein justerbar pidestall for gangbrua og auke talet enkeltlugarar for klientar med 50 prosent. Det gjer at fartøyet kan ta på seg oppdrag i Østersjøen i tillegg til Nordsjøen, og det vil endre status til konstruksjons-SOV.

- Serviceoperasjonsskipet (SOV) blei levert av Ulstein Verft i 2017 og framstår som heilt nytt, som om det vart levert i går. Kvaliteten og finishen er eineståande. Dette er ein av grunnane til at vi vel å utføre oppgraderinga ved Ulstein Verft, seier administrerande direktør Matthias Müller i Bernhard Schulte Offshore.

– Etter ombygginga vil dette vere eitt av svært få fartøy som har 60 enkeltlugarar for klientar, mot dagens 40. Det betyr at vi kan ta inn fleire personar, slik at fartøyet kan operere som ein konstruksjons-SOV (CSOV).

- Ved å installere ein justerbar pidestall for Uptime-gangvegen kan fartøyet arbeide på alle påstigingshøgder (TP-høgder) i Nordsjøen, og det vil vere ein av få spesialbygde SOV-ar som kan arbeide i Østersjøen der TP-høgdene er lavare.

Windea Leibniz i ferd med å legge seg til kai ved Ulstein Verft, foto: Bernhard Schulte Offshore.
Windea Leibniz i ferd med å legge seg til kai ved Ulstein Verft, foto: Bernhard Schulte Offshore.

- Windea Leibniz har vist seg å vere eit svært kapabelt fartøy heilt frå starten. - Det har gjort ein god jobb i fem år for Siemens Gamesa, og utført effektiv service ved havvindparkane Sandbank og DanTysk som ein del av deira servicekonsept. Etter dette har skipet gjennomført eit oppdrag i sommar for GE ved havvindparken Merkur Offshore. I det siste har skipet støtta installasjonen av kablane mellom turbinane i ein vindpark som er under bygging i Østersjøen, forklarar Müller.

Windea Leibniz kom Ulstein Verft 31. oktober 2022 og oppgraderinga er planlagt ferdigstilt i februar 2023. - Vi har høge forventingar til dette fartøyet, det er allereie eit førsteklasses skip med eit svært lavt drivstofforbruk i DP. No er vår intensjon å styrke den operasjonelle fleksibilitet til skipet endå meir, avsluttar Müller.

Please contact us for more information

Martin Hansen DSC4357 comp bw
Martin Sundgot Hansen

Sales Manager Aftermarket

Tel: +47 400 73 247

martin.hansen@ulstein.com

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com