Brennestart for Olympic sitt bygg 319

Published


30. desember 2022 var det brennestart for byggnummer 319, det andre av to CSOV-havvindskip frå Ulstein. Begge fartøya er planlagt leverte i 2024.

Brennestarten er i gong på Olympic sitt bygg 319.
Brennestarten er i gong på Olympic sitt bygg 319.

Det var i juli 2022 at Olympic kontraherte 2 (+2) nybygg av Ulstein sin SX222-design. Fartøya har hybrid batteriframdrift og er førebudde for metanol som mogleggjer nullutslepp.

Olympic har bestilt opp til 4 CSOV-skip frå Ustein.
Olympic har bestilt opp til 4 CSOV-skip frå Ustein.

Fartøya har skrogdesignet TWIN X-STERN, som er nominert til Innovasjonsprisen på OSJ-konferansen. TWIN X-STERN er ei løysing for lavt energiforbruk, der skipet har to hekkar og med hovudpropelleiningar i kvar ende for å auke fleksibiliteten og operasjonaliteten.

Brennestart for det første av Olympic-skipa var i november 2022. På brennestarten for bygg 319 var det anleggsinspektør Tomasz Bieniek som starta brennemaskina.

Please contact us for more information

Contacts

Companies