The steel cutting has started, and the newbuild project has officially started.

Assistant Site Manager

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 31.07.24

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeider innan den maritime industrien. Vi designar, byggjer og leverer løysingar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg arbeidsplass.

Ulstein Verft har aukande aktivitet og nye kontraktar gjer at vi skal auke bemanninga for skrogbygging i utlandet. Siteteamet vårt i utlandet består av ein Site Manager  i tillegg til inspektørar for ulike fagdisiplinar. Vi søkjer no etter ein engasjert Assistant Site Manager med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skrogbygginga vår i samarbeid med siteteamet vårt. Arbeidsstad er per no i Gdynia, Polen, og stillinga er basert på rotasjonsordning.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 31.07.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Gdynia, Ulsteinvik

Tittel: Assistant Site Manager

Tal stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Assistant Site Manager

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av Siteteamet, når Site Manager ikkje er på staden
  • Administrativt hovudansvar når Site Manager ikkje er på staden
  • Representere selskapet og samarbeide tett med skrogverft og kunde 
  • Inspeksjon og oppfølging av våre prosjekt i utlandet 
  • Oppfølging mot teknisk avdeling, klasseselskap og reiarlag
  • Utvikling og oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
  • Assistere Site Manager ved rapportering
  • Ved behov vil ein kunne verte omprioritert til oppgåver ved Ulstein Verft sitt anlegg i Noreg

Kvalifikasjonar

  • Fagleg kompetanse innan stål og skrogbygging
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid i utlandet vil vere ein fordel 
  • Høgare utdanning eller tilsvarande arbeids- og leiarerfaring
  • Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Kommersiell erfaring

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Engasjert og interessert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kulturforståing
  • Løysingsorientert og initiativrik

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø med høve for personleg utvikling
  • Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Turnusordning

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane. 

 

Kontakt

Ole Osnes Gjerde
Hull Manager
+47 995 97 175

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.