People_Ulstein 2024 web 0151 16 9

Bemanningskoordinator

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 31.07.24

Ønsker du å bli ein del av eit engasjert team?

Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over mykje aktivitet, og treng difor å utvide teamet vårt. 

Du vert ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team, og du vil få ein innhaldsrik og variert arbeidskvardag i tett samarbeid med store delar av organisasjonen. 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 31.07.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Bemanningskoordinator

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast

Ledig stilling: Bemanningskoordinator

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere:

  • Oppfølging av kontraktar med underleverandørar
  • Bistå avdelingsleiarar i kontakt med underleverandør knytt til m.a. organisering/registrering av innleid personell
  • Fakturakontroll
  • Kontroll av timelister
  • Generell støtte til leiarar i vårt produksjonsområde

Kvalifikasjonar

  • God systemforståing og IT-kompetanse
  • God skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring med kontraktarbeid

    Opplæring vil bli gitt der det er naudsynt.

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Systematisk
  • God organisasjonsmessig forståing

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksitidsavtale

 

Kontakt

May Kristin Myklebust
Production Manager
Telefon: 482 13 925

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.