Ulstein Elektro Installasjon check-up.

Elektrikar/Montør gr. L

Ulstein Elektro Installasjon

Søknadsfrist: 29.02.24

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsdivisjonen i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire til teamtet vårt.

Vi er på jakt etter deg med interesse for elektroinstallasjon innan skipsindustrien. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver, vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg, og vi har fokus på at personleg utvikling er viktig for trivsel.

Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?

Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 29.02.24

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Elektrikar

Tal stillingar: 10

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Elektrikar

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere variert innstallasjonsarbeid ombord på skip.

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Dei fleste av våre tilsette har fagbrev som elektrikar gr. L. Mange av arbeidsoppgåvene våre krev også at du har praktisk og teknisk forståing, og det vil vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman. 
Lagånd står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. 

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette.

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

Kontakt

Dagbjørn Myklebust
Head of Administration
Telefon: 905 45 468

Atle Moldskred
Department Manager Production
Telefon: 470 21 540

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.