Blue Thunder paintwork Karl Otto Kristiansen

Inspector Site - surface

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 29.02.24

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeider innan den maritime industrien. Vi designar, byggjer og leverer løysingar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg arbeidsplass.

Ulstein Verft har aukande aktivitet og nye kontraktar gjer at vi skal auke bemanninga for skrogbygging i utlandet. Site teamet vårt i utlandet består av ein Site Manager  i tillegg til inspektørar for ulike fagdisiplinar. Vi søkjer no etter ein engasjert Site Inspector for overflatebehandling med personleg driv til å planlegge og gjennomføre skrogbygginga vår i samarbeid med site-teamet vårt. Arbeidsstad er per no i Gdynia, Polen, og stillinga er basert på rotasjonsordning. Stillinga rapporterer til Site Manager eller dens stedfortreder på site.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 29.02.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Inspector Site - surface

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Inspector Site - surface

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Inspeksjon og oppfølging av våre prosjekt i utlandet
  • Utvikling og oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar innan fagområdet
  • Assistere Site Manager ved rapportering
  • Ved behov, vil ein kunne verte omprioritert til oppgåver ved Ulstein Verft sitt anlegg i Noreg
     

Kvalifikasjonar

  • Relevant Frosio-sertifikat
  • Fagbrev/erfaring som sprøytemalar er ein fordel og vil bli vektlagt
  • God tverrfagleg teknisk forståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli tillagt vekt
  • Andre relevante sertifikat innan malar-faget vil bli tillagt vekt
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar muntleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar
  • Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Engasjert og interessert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kulturforståing
  • Løysingsorientert og initiativrik
     

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø med høve for personleg utvikling
  • Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Turnusordning
     

Kontakt

Ole Osnes Gjerde
Hull Manager
Telefon: 995 97 175

May Kristin Myklebust
Production Manager
Telefon: 482 139 25

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan off shore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.