Elektro lærlingar

Lærlingar Elektrikar

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 25.02.24

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Vil du starte di maritime karriere i Ulstein? Ulstein Elektro Installasjon AS har lang tradisjon for inntak av lærlingar, og ettersom vi har ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet ønskjer vi deg som er lærevillig og fagleg interessert i skipsbygging. 

Vi ser etter deg som kan vere med på å utvikle og skape resultat samstundes som du fullfører ditt læreløp i eit sosialt og lærerikt arbeidsmiljø.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 25.02.24

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Lærlingar Elektrikar

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Lærlingar Elektrikar

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

Ulstein Elektro Installasjon AS har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre lærlingar på ein god måte. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø der vi har stor fokus på å utvikle din fagkompetanse.

Vi søker etter interesserte og lærevillige kandidatar innan Elektrikarfaget.

Hjå oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og vi vil fylgje opplæringa di fram til fullført læretid.

Kvalifikasjonar

  • VG1
  • VG2

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interessert
  • Engasjert
  • Pliktoppfyllande
  • Kvalitetsbevisst
  • God HMS-haldning
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Dyktige fagarbeidarar og rettleiarar som fylgjer deg i heile læretida, og sikrar deg variert praksis
  • Eit godt og etablert læringsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Løn iht. tariff
  • Moglegheiter for relevante kurs

Det er gode moglegheiter for vidare arbeid etter endt læretid.
 

Kontakt

Hanne Notøy
Trainee Responsible
Telefon: 975 58 816

Dagbjørn Myklebust
Head of Administration UEI
Telefon: 905 45 468

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i avanserte spesialfartøy bygde ved Ulstein Verft. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som utviklar konkurransedyktige fartøy for oppdrag som offshore olje og gass, havvind, RoPax og ekspedisjonscruise.