Aerial of Ulstein Verft, January 2023. Photo: Per Eide Studio.

Lagermedarbeidar

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 29.02.24

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysningar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. 

Ulstein Verft har aukande aktivitet og ser etter deg som har interesse for skipsindustrien og ønsker å vere med på å drifte og utvikle lageret samt skape resultat saman med oss. Ulstein har dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. Som lagermedarbeidar vert du ein del av eit kjekt team, der avdelinga har som mål å gje best mogleg service til både produksjonsområdet og reiarlag.

Intervju vil bli gjennomført fortløpande.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 29.02.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Lagermedarbeidar

Tal stillingar: 2

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Lagermedarbeidar

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Lasting og lossing av varer
  • Varemottak og registering i ERP/IT system
  • Plassering og utlevering av varer
  • Pakking og forsending av varer
  • Arbeid på rekvisita-, verktøy- og prosjektlager

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan lager/logistikk, praktisk erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring frå lager/logistikk
  • Gode IT kunnskapar
  • Språkkunnskapar i norsk og engelsk
  • Erfaring frå maritim industri er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fagleg interessert
  • Initiativrik og serviceinnstilt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God HMS haldning og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagleg miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

 

Kontakt

Rolf Heltne

Section Leader Internal Logistics

Telefon: 913 67 451

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan off shore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Kva er historia vår

Vi ønsker å gi meirverdi til kundane våre, noko som vert avspegla i visjonen og verdiane våre. Vi har ein forretningskultur og prestasjonar som vi er stolte av, og saman utgjer dette kjerna av det som er oss.  

Og kva er det som verkeleg skil oss ut? Ei rik maritim historie som har gitt oss ein unik identitet og ein arv som lever vidare.  

Ulstein Verft DJI 0125

Korleis vi gjer ein skilnad

Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik. 

Heritage Ulstein Mek1927

Arven vår

I løpet av åra har Ulstein utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.

IDC 2022 2

Skaparglede og innovasjonskultur

Vi har ein forretningskultur som kombinerer struktur og kreativitet, erfaring og innovasjon, djerv tenking og nøyaktig gjennomføring.