Engine underway to be positioned on the Nexans Aurora.

Industrirørleggar avd. - Maskin og Rør

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 30.04.24

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft er i ein spanande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig horisont med mykje aktivitet, og treng derfor fleire operatørar i teamet vårt.

Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar. Her vert du utfordra gjennom nye oppgåver, og vi lærer også av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.

Korleis vil det vere å jobbe i Ulstein Verft?

Det å jobbe på eit verft er variert, sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap som vert knytt til kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 30.04.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Industrirørleggar - avd. Maskin og Rør

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Industrirørleggar - avd. Maskin og Rør

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Oppgåver du vil jobbe med

Vi søker etter fagleg sterke medarbeidarar til avdeling Maskin og Rør (Production Piping & Mechanical):

  • Operatør rør

Vi vil vurdere tilsetting som Arbeidsleiar for den rette kandidaten.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere:

  • Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem
    (ISO og Ermeto)
  • Tilverking og montering av røyrsystem ombord i skip.
  • Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
  • Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølar, pumper og liknande
  • Montering av motorar, pumper, propellar etc.
  • Installasjon av skipsmaskineri
     

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev. Relevant erfaring kan kompensere for Fagbrev. 

Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing - frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere med kollegaer for å løyse oppgåvene.
 

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?

Lagånda står sterkt i Ulstein, og saman skal vi hjelpe kundane våre. Med godt humør og vilje til å bidra gjer vi Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. 

Ulstein Verft byr på varierte oppgåver, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. 

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av hav er det gode moglegheiter for båtliv, padling, surfing og fisking. Til fjells har vi gode turterreng anten du føretrekk å gå til fots, på sykkel eller med ski på beina. Og berre med ein liten times reise finn du bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.  

Kontakt

Vidar Hungnes
Department Manager Pipe & Machinery
Telefon: 909 60 746

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan off shore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i Ulstein, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.