Olympic CSOV Energy Management System

Project & Engineering Manager

Ulstein Power & Control

Søknadsfrist: 06.03.24

Har du lyst til å arbeide med avanserte tekniske løysningar for framtidas grøne fartøy?

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Project & Engineering Manager får du ansvar for eit fagleg sterkt team som er sentrale i utviklinga av berekraftige kraft- og automasjonssystem til nybygg og retrofit. Som ein del av et innovativt konsern som designar skip frå grunnen av, vil du bli utfordra på å finne løysningar for framtidas skip. Du blir ein viktig aktør i arbeidet med å gjere tenester og system verkelege gjennom å realisere dette i leveransar til prosjekt.  

Vi ser etter kandidatar som ønskjer å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 06.03.2024

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik og/eller Ålesund

Tittel: Project & Engineering Manager

Tal stillingar: 1

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Project & Engineering Manager

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Project & Engineering Manager vil du få eit overordna ansvar for å gjennomføre leveransane og prosjekta våre. Du vil ha stor innverknad på prosjekta og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet.

Andre relevante arbeidsoppgåver er å;

  • leie møter med ulike interessentar og koordinere prosjekt
  • bidra til gode prosesser knyttet til PLM
  • vere ansvarleg for engineeringsprosessane i selskapet
  • bidra til kompetanseutvikling
     

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønskjer å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning og erfaring med prosjektleiing. Du set retninga og får folk med deg, samtidig som du deler av erfaringa og kunnskapen din, òg er nysgjerrig på andres. Du blir motivert av å vere med på å skape og er oppteken av kvalitet og god service.

Vidare ser vi for oss at du har

  • teknisk kunnskap innan marine kraftsystem og automatisering  
  • kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri 
  • kjennskap til PLM prosessar
  • erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC- og/ eller MV-system

Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og forsikringsordningar.
     

Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Kontaktar

Jan Tore Hamnøy
Rekrutteringspartner HAMNØY AS
411 02 200

Marita Stakkestad Hanstveit
Rekrutteringspartner HAMNØY AS
452 53 909

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.