People_Ulstein 2024 Print 2453 2880x1620

Service Engineer Automation

Ulstein Power & Control

Søknadsfrist: 03.06.24

Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysingar for framtidas grøne fartøy?

Ulsteins engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar  å stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid.  

Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.  

I stillinga som Service Engineer Automation, vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, Retrofit og service. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med engasjerte og dyktige kollegaer.

Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande!

Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.  

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 03.06.24

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik og/eller Ålesund

Tittel: Service Engineer Automation

Tal stillingar: 1

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Service Engineer Automation

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Oppstart på automasjonssystem for nybygg og Retrofit automasjon 
  • Servicearbeid og fjernstøtte på automasjonssystem på seglande portefølje  
  •  Utarbeiding av teknisk underlag, testing og verifikasjon av nye løysingar i lab og oppstart av desse  
  •  Handtering av kundeførespurnader i saksbehandlingssystemet  
  •  Stillinga inneber reiseaktivitet  

Kvalifikasjonar

  • Teknisk utdanning  
  •  Erfaring frå installasjon, oppstart av og service på skipsautomasjonssystem eller   liknande er ein fordel  
  •  Erfaring med engineering av skipsautomasjonssystem  
  •  Erfaring med programmering av PLC- og Scada-system  
  •  Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk    

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid    
  • Løysingsorientert     
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag     
  • Vilje til å søke ny kunnskap og dele erfaringar      

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling   
  • Godt arbeidsmiljø  
  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Fleksitidsavtale  

Kontaktar

Per Einar Moldskred
Service Manager
977 92 121

Malin Ulla Berg
HR & QA Coordinator
911 00 410

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.