People Ulstein 2024 Print 1971 2880x1620

Service Engineer Power

Ulstein Power & Control

Søknadsfrist: 03.06.2024

Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysningar for framtidas grøne fartøy? 
Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I stillinga som Service Engineer Power-Systems, vert du ein del av eit kunnskapsrikt, innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, Retrofit og Service. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer i prosjekt og engineeringsområda.  

Vi ser etter kandidatar  som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og som kan utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».  
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande!

Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 03.06.2024

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Service Engineer Power

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Service Engineer Power

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Service arbeid og fjernstøtte av system rundt i verda 
  • Deltaking i utarbeiding av teknisk underlag, testing og verifikasjon av nye løysingar 
  • Oppstart av system på nybygg og Retrofit 
  • Kundebehandling 
  • Prosjekt oppfylging i Noreg og utlandet 
  • Servicearbeid på installerte system 
  • Stillinga inneber reiseaktivitet 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer personar med fagbrev som elektrikar eller skipselektrikar
  • Ynskjeleg med teknisk fagskule eller ingeniør innan fagområdet el-kraft og/eller automasjon. 
  • Erfaring frå installasjon, oppstart av nye anlegg og service på skipssystem eller liknande er ein fordel 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid    
  • Løysingsorientert     
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag     
  • Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar    

Vi tilbyr

  • Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling   
  • Godt arbeidsmiljø   
  • Konkurransedyktig løn   
  • Egen reiseavtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar   
  • Fleksitidsavtale  

Kontaktar

Per Einar Moldskred
Service Manager
Telefon: 977 92 121

Malin Ulla Berg
HR & QA Coordinator
Telefon: 911 00 410

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.