People Ulstein 2024 web 0368 16 9 format

Servicekoordinator

Ulstein Power & Control

Søknadsfrist: 31.07.24

Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysningar for framtidas grøne fartøy?

Ulsteins engasjement for innovasjon, pålitelegheit og fornøgde kundar gjer oss til ein partnar å stole på i den maritime industrien. Våre integrerte løysingar gjer det mogleg for skipseigarar å oppnå nye nivå av effektivitet, redusere kostnader og ta betydelege steg mot ei meir berekraftig framtid.  

Ulstein Power & Control, er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, som leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.  

I rolla som Service Coordinator vert du ein del av eit kunnskapsrikt og innovativt miljø. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, retrofit og ettermarknad. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med dyktige kollegaer, kundaer og leverandørerleverandørar.  Serviceavdelinga følger opp levert portefølje knytt til kraftsystem, automasjonssystem og kommunikasjonssystem(UCOM).

Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og avdelingskontor ved Moa i Ålesund.  

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande.

 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 31.07.2024

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik og/eller Ålesund

Tittel: Servicekoordinator

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Servicekoordinator

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Kundekontakt, relasjonsbygging og salsfremjande aktivitetar 
  • Prosjektgjennomføring/ sakshandsaming i D365, CRM og ERP 
  • Medansvarleg for utvikling av interne løysingar  
  • Utvikling av UCOM-systemet(PABX,PA,CCTV,IPTV,LAN)  
  • Noko reiseaktivitet kan påreknast  

Kvalifikasjonar

  • Teknisk utdanning eller erfaring 
  • Erfaring med UCOM-system (PABX,PA,CCTV,IPTV,LAN) er ønskeleg 
  • Erfaring med digitalisering og datainnsamling 
  • Kjennskap til CRM og ERP-system 
  • Bakgrunn frå Engineering eller sal/ettermarknadsarbeid 

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og kreativ 
  • Strukturert 
  • God evne til å kommunisere og bygge relasjonar 
  • Fleksibel 

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår 
  • Fleksitidsordning 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Godt arbeidsmiljø 

Kontaktar

Per Einar Moldskred
Service Manager
977 92 121


Malin Ulla Berg
HR & QA Coordinator
911 00410

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.