
System Architect
Ulstein Design & Solutions
Søknadsfrist: 14.01.24
Vil du vere med å skape framtidas berekraftige skip?
ULSTEIN Design & Solutions jobbar kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Vår ekspertise og kreativitet gir industrien nye innovative design, løyser utfordringar og bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi gjer dette ved å designe og gjennomføre prosjekt med fokus på miljø, kostnadseffektivitet, pålitelegheit og den totale livssykluskostnaden for produktet.
Ulstein Design & Solutions si oppdragsmengde er aukande, og vi ser etter ein motivert og engasjert systemarkitekt som er interessert i å bidra i utvklinga av berekraftige systemlsøysingar for skip.
Stillinga vil vere ein del av eit spanande fagmiljø og tverrfagleg designteam, og opnar moglegheiter for profesjonell og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.
Designteamet bidreg i heile skipsdesignsyklusen frå skisse til seglande skip, samt med fagleg støtte også vidare i skipets levetid. Som systemarkitekt bidreg du i det multidisiplinære konseptutviklings-teamet som utviklar og definerer skip og skipssystem. Vi søker primært deg som har kunnskap om og bakgrunn frå arbeid med marine kraft-, framdrifts-, automasjons- og elektriske system. Kunnskap om modellering og simulering av system er også av interesse.
Aktuelle kandidater vil verte kontakta fortløpande
Praktiske opplysingar:
Søknadsfrist: 14.01.24
Bedrift: Ulstein Design & Solutions AS
Arbeidsstad: Ulsteinvik
Tittel: System Architect
Tal stillingar: 1
Fulltid / deltid: Fulltid
Tilsettingstype: Fast stilling
Ledig stilling: System Architect
I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare.
Arbeidsoppgåver
- Design og dokumentasjon av kraft- propulsjon, automasjons- og elektriske system i konseptutvikling av skip
- Kartlegging av krav og utarbeiding av konkurransedyktige løysingar
- Dimensjonere kraftsystem og dokumentere kraft og energibalanse
- Utarbeide prinsipielle einlinjeskjema
- Utarbeide overordna systemdokumentasjon, t.d.. spesifikasjonar og systemfilosofiar
- Design av skipets hjelpesystem
- Oppfølging av prosjektgjennomføring i skipsbyggingsprosjekt, samt bidra i ettermarknadsarbeid
- Samarbeid og kommunikasjon med reiar, myndigheiter, verft, utstyrsleverandørar m.m.
- Vere oppdatert på internasjonale reglar, krav og standardar, tilgjengeleg teknologi og utstyr i marknaden
- Salsstøtte
- Bidra i forskings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Master- eller bachelorgrad frå høgskule/universitet
- God kunnskap om marine skipssystem
- Teknisk, operasjonell og kommersiell forståing for skip og skipssystem
- Interesse og forståing for teknologi og teknologiutvikling
- Interesse og forståing for datateknologi, digitale verktøy og moglegheitsrommet innan digitalisering
- Erfaring med modellering og simulering er ein fordel (Matlab/Simscape, 20-sim, Python)
- Kjennskap til internasjonale reglar og standardar
- Operasjonell erfaring frå skip og/eller erfaring frå arbeid innan annan skipsrelatert verksemd er ein fordel, men nyutdanna oppmodast også til å søke.
Personlege eigenskapar
- Lagspelar
- Engasjert og kreativ med gode kommunikasjonsevner
- Strukturert, med evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Problemløysande og analytisk med heilheitleg perspektiv
- Beslutningsdyktig med evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evne til å tileigne deg kunnskap, dele kunnskap og motivere andre
Vi tilbyr
- Kompetent og innovativt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsordning
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontakt
Ann Katrin Barstad
Manager Design
Telefon: 915 30 971

Om Ulstein
Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.