Oppgradering gir nytt liv for eldre tonnasje

ULSTEIN er ei gruppe av maritimt orienterte bedrifter. Med fagteam innan skipsbygging og skipsdesign, kan vi skape om eit kvart fartøy til eit nytt liv i eit nytt segment – for å sikre rederiet eit ‘nytt’ fartøy på kort tid.

Skipsverftet vårt leverer høgkvalitets skipsreparasjonar og ombyggingar. Nært samarbeid mellom skipsdesignarane og prosjektteama sikrar kostnadseffektivitet, kjapp respons og ei tett oppfølging av ombyggingane. Les meir.

Oppgradering og modernisering
Eitt av våre nyare oppgraderingsoppdrag er for renoveringa av ekspedisjonscruiseskipet 'Ocean Adventurer' i 2017 (foto nedanfor er tatt før oppgraderinga). Arbeidet har ført til ei generell modernisering av heile fartøyet. Vesentlege tekniske oppgraderingar er også gjennomførte, noko som har gitt eit skip med auka drivstoffeffektivitet og med redusert karbonavtrykk. 

Konverteringar
Vi kan skape om eit offshoreskip, typisk eit plattformforsyningsskip, til eit anna type offshoreskip som fleirbruksstøttefartøy, lett subsea konstruksjonsskip eller offshorevindserviceskip, eller til eit skip heilt utanom offshore, til dømes brønnbåt, yacht eller mindre cruiseskip. 

Eit eksempel på ei slik type konvertering kan vere 'EDT Jane' (fotoet øvst på sida), som på biletet er inne som støttefartøy på undersjøisk arbeid nær AMOCO P15-F-plattforma vest for Scheweningen. Skipet var opphavleg bygd som eit plattformforsyningsfartøy av PX105-designet, og har seinare vorte ombygd til eit multifunksjonelt støttefartøy.


Til avtalt tid
Som offshoreekspertar, kjenner vi godt til korleis eit fartøy kan bli hamra og herja med av kreftene i havet. Som skipsdesignarar, har vi ekspertteam for alle delar av eit fartøy, inkludert fagfelt som skrogstyrke, hydrodynamikk og framdrift. Skipsverftet vårt, Ulstein Verft, er ein langsiktig partnar med kompetanse i å bygge, konvertere og reparere skip. Dokkhallen vår sikrar toppfasilitetar for sikker og kontrollert reparasjon og oppgradering av fartøy.

Vi utviklar endringsteikningar, både på overordna nivå og meir detaljerte design, basert på våre eigne ULSTEIN-design eller eksterne design. Tett samarbeid mellom våre skipsdesignarar og prosjektteamet sikrar kostnadseffektivitet, raske svar og fullstendige konverteringar, levert til avtalt tid.

Referansar gjennom 100 år
Fleire hundre skipsdesign, nybygg og ombyggingar er leverte av ULSTEIN sidan vi starta opp aktiviteten i 1917. Våre referansar inkluderer offshorefartøy, passasjerskip, RoRo-skip, fiskefartøy med meir.
Biletserien nedanfor viser ombygginga av Normand Cutter i 2004. Dette skipet, og systerskipet Normand Clipper, vart begge bygde som kabelleggingsskip ved Ulstein Verft. Då marknaden for kabellegging vart dårlegare, vart skipa ombygde til rørleggings-/konstruksjonsskip. Den svært omfattande ombygginga tilsvarer i arbeidsmengd eit nybygg av eit plattformforsyningsskip, og vart gjennomført på fem månader.

Skipsverftsfasilitetar

Please contact us for more information

Companies

Contacts