Inga Ulstein – styreleiar i nesten to tiår

Husmor og seksbarnsmor Inga Ulstein var gift med Martin Ulstein, som stifta Ulstein mek. Verksted. Ho var så menn ikkje berre frua til sjefen. Ved Martin sin bråe bortgang i 1948 vart ho styreformann i bedrifta, ein posisjon ho heldt i nærare to tiår.

Styret i Ulstein Mek Verksted i 1960-åra: Frå venstre: Andor Moldskred, Osvald Ulstein, Idar Ulstein, styreleiar Inga Ulstein, verftssjef Magnulf Ulstein, Kolbein Ole Ulstein og Henry Ulstein.

Inga Karoline Ingebrigtsdotter fødd 1897, var frå Knivsflå, ein fjellgard ved Geirangerfjorden. Våren 1917 gifta ho seg med Martin Ulstein i Borgund kyrkje. Dei sette så bu i Ulsteinvik, i eige hus i 1928, der dei sidan alltid budde.

Hennar sterke engasjement i bedrifta kom til å vare livet ut. Ho hadde eit mildt og omsorgsfullt vesen, men samstundes var der ein stor autoritet og verdigheit ved henne. Ho var dessutan ei svært viljesterk kvinne, og var det ikkje for det, hadde ho neppe kunna ført verket etter Martin vidare.

Ho var stadig innom verkstaden, og ropte opp til arbeidarane at  ho bad for dei og tenkte på dei. Eitt år etter at Martin døydde, overtok eldstesonen Magnulf stillinga som sjef ved verftet. Frå 1960-åra var det yngstesonen, Idar, som tok over denne stillinga. Den tredje sonen til Inga og Martin, Kolbein Ole, vart personalsjef.

Inga Ulstein døydde den 27. juli 1978, det året ho ville ha fylt 81 år.


Dåpsseremoni i 1969 for byggnummer 51, Norðbúgvin. Fiskebåten av designtypen UT303 var tinga av det færøyiske reiarlaget P/F Hjaller. Ved sidan av verftsdirektør Magnulf Ulstein og gudmora, står Inga Ulstein og kona til Magnulf, Aagot Ulstein.

”DET E’ BORGA GODS, GUTA!” (artikkel i Ulstein Group sine bokutgjevingar i 1992 (75 årsjubileum) og 2007 (90 årsjubileum)

Det var Inga Ulstein som brukte å seie det ein gong iblant:

– Hugs at det e’ borga gods, guta!

Ho sa det til sønene sine, men ho kunne godt ha sagt det til andre med. Og ho sa det oftast når det gjekk bra med verkstaden, som dei var så sterkt involvert i.

Det betydde at vi har alt til låns her i livet. Og når ho sa det, så var det meininga å gi beskjed om at dei ikkje måtte gløyme at det var ikkje berre deira eigen innsats og det medarbeidarane i verkstaden – frå læregut til verksmeister utførte – som skapte resultata. For henne var det ei kjensgjerning at det stod ei makt over alt anna og hjelpte til.

Orda er frå ei anna tid enn vår, men dei gjeld i dag like fullt.

For orda blir uansett ei helsing til oss alle, ei helsing, smålåten i det ytre og i forma, men desto meir uttrykksfull og kraftfull. Ei inderleg oppmoding om å vise omtanke og varsemd, og hugse på at det ein har lånt, ikkje er eins eige og må takast vare på med ekstra stor respekt.

Og det ligg også i orda ei oppmoding om ikkje å miste bakkekontakten og ikkje tape av syne linjene tilbake til arven av nøysemd og flid og sans for det ekte og opphavlege. Den arven ho sjølv verna om i alle livsens tilhøve. Og som ho formante dei som ho syntest kunne trenge det ein gong i blant:

– Hugs det e’ borga gods, guta!

Eit bilete frå 1954 som syner båtar under bygging og reparasjon. Dette viser kor viktig fiskebåtane var i utviklinga av bedrifta.

Skipsbygging

Inga Ulstein er med i videoen over. Denne er filma i 1959, og høvet er dåpen av ferja 'Foldereid'.


Byggnummer 13 frå Ulstein mek. Verksted, Foldereid, var eitt av dei aller første stålnybygga. Reiaren var Ragnar Brækkan, Namsos. Med ei lengd på 29 meter og ei breidde på knapt meir enn 8,5 meter, kunne ferja frakte 17 bilar og 145 passasjerar. Hovudmotoren var Wichmann med 400 hestekrefter. Foldereid kunne halde ei fart på 11 knop, og byggekostnaden var på 350 000 kroner. 

Ferja var i arbeid fram til 1992, då vart ho seld. Den siste informasjonen vi har om henne stammar tilbake til 1998, då ho vart seld vidare til Stockholms Södra Skärgardstrafik i Sverige, og fekk det nye namnet "Queen".

Inga Ulstein og dei seks borna hennar. Frå venstre, Kolbein Ole Ulstein, Dagny Ulstein Kristensen, Ragnhild Ulstein Loen, Idar Ulstein, Inger M. Ulstein og Magnulf Ulstein.