Magnulf Ulstein

Magnulf Inge Ulstein var den eldste av sønene til Inga og Martin, han vart fødd 14. juli 1924. Då faren døydde, heldt Magnulf på med siste delen av ingeniørutdanninga si i Gøteborg. Ferdig i Sverige kom han så heim til Ulsteinvik for å overta leiinga av bedrifta, berre 25 år gammal.

Biletet over er teke i 1948, og Martin er nettopp avliden. Magnulf er heime for å tilpasse seg den nye situasjonen, og sit i fremste rekkje med slips. Verksmeister Per Andersen gjekk midlertidig inn i leiinga av bedrifta til Magnulf var ferdig med utdanninga si i 1949.

Det var inga lita bør som dermed blei lagt på Magnulf. Rett nok var ikkje bedrifta på langt nær så stor som ho kom til å bli om nokre år, men ho var i jamn vekst, og det blei sett krav til leiaren. Under leiing av den nye sjefen tar no nybyggingsverksemda til for fullt med jamt større og meir avanserte båtar. Dette førte naturleg nok til auke i arbeidsstokken, med nykjøp av reiskapar og utstyr og alt det andre som måtte følgje med ekspansjonen. Arbeidet kom derfor til å oppta heile døgnet for Magnulf. Han kjente bedrifta si ut og inn, han kjende lynnet til folka han hadde i sitt brød og kunne omgås dei på ein folkeleg og naturleg måte. 

Magnulf Ulstein døydde den 7. juli 1989, knapt 65 år gammal. Då skreiv Sunnmørsposten mellom anna dette om han: "Dessverre kom sjukdomen så altfor tidleg, så han måtte gi frå seg leiinga til yngre krefter. Men han hadde gitt verftet ein god start til det storkonsernet som skyt knoppar nær sagt over heile verda i dag."

Magnulf var gift med Aagot. Ho gjekk snart i svigermor Inga sine fotefar når det gjaldt å stille opp med mat og drikke for kundane på verftet.  Det vart reine kaféverksemda av det, og sjeldan vart ein avtale inngått og ein handel avgjort utan at det heile vart avslutta med eit matamål - helst middag - i heimen deira.

Foto nedanfor: 

Mesteparten av arbeidsstokken ved Ulstein mek. Verksted hausten 1948:

1. rekke frå venstre: Olav Welde, Ole Eksund, Per Andersen, Magnulf Ulstein, Osvald Ulstein, Karl Johan Hauge, Gudmund Sundgot, Kolbein Ole Ulstein. 2 rekke frå venstre: Martin Skogstrand (sitjande), Arnfinn Dimmen, Asbjørn Osnes (sitjande). 3 rekke frå venstre: Arnold Bø, Herman Nesset, Johs Rafteseth, Pål Garshol, Artur Eltvik, Vebjørn Garshol, Godtfred Monsen, Harald Moldskred, Olaf Svendsen, Nils N. Osnes. 4. rekke frå venstre: Kjartan Klungsøyr, Peder N. Ulstein, Knut Marken. 5. rekke frå venstre: Gudmund Wigg, Lidvar Røren, Peter Hasund, Ole Lars Ulstein, Lorentz Tollefsen, Harald Strandebø, Kjell Ertresvåg, Arne Ertresvåg, Idar Lars Ulstein (i kofte), Hans Håvoll, Knut Gjerdsbakk, Einar Hasund, Kolbjørn Hasund, Anders Voldnes. Dei står oppstilte framom maskinverkstaden.

Foto nedanfor: 

Arbeidsstokken ved Ulstein mek. Verksted i 1956.

Første rad: Pål Garshol, Otto Ulfstein, Osvald Ulstein, Magnulf Ulstein, Gudmund Sundgot, Nils N. Osnes, Karl Johan Hauge. Andre rad: Paulus Ulstein (kunde, ikkje tilsett), Oskar Risøy, Kolbein Ole Ulstein, Arnold Hendriksen, Norvald Eiken, Knut Strandabø, Olaf Svendsen, Ole Eksund, Martin Skogstrand, Knut Ertresvåg, Kolbjørn Hasund, Magne Gjerdsbakk, Olaf K. Saunes, Emil Olsen, Otto Per Standal, Idar Lars Ulstein. Rad 3/4: Torleif Haugen, Sevrin Gjerde, Kjell Nilsen, Jostein Osnes, Olaf Finnes, Andreas Skeide, Leif Dalehamn, Ola Moldvær, Andreas Djupvik, Arnfinn Dimmen, Peder Haddal, Adolf Løset, Magne Holen, Harald Garnes, Olaf Vikebakk, Karsten Ringstad, Knut Gjerdsbakk, Vebjørn Garshol, Lars Fylsvik, Ole Lars Ulstein, Hans Håvoll, Leif Breivik, Bjarne Gjerde, Einar Warholm, Hans Garnes, Leif Almestad, Karl Breivik.