Martin Ulstein - stiftaren av Ulstein mek

Martin Ulstein tok mekanikarutdanning, og som 23-åring etablerte han Ulstein mek. Verksted. Den 9. august 1917 vart oppstarten annonsert. Bedrifta kunne ta på seg reparasjonar av motorar, vinsjar, spel og maskiner. Seinare la skipsbygging, utstyrsproduksjon og skipsdesign grunnlaget for ei verdsomspennande bedrift.

Frå slutten av 1800-talet skjedde det gradvis store endringar i fiskeflåten: folk fekk råd til å skaffe seg dekksbåtar med motor. Sunnmørsfiskarane investerte i kuttarar og skøyter. Dette var store og tunge fartøy. Slike båtar kunne ikkje lenger trekkjast opp i fjøra med nabohjelp. No måtte dei på slipp, og kyndige mekanikarar måtte til for å reparere og vedlikehalde motoren. Slik la omlegginga av fiskeflåten grunnlaget for verkstaddrifta på sunnmørskysten.

Martin O. Ulstein vart fødd den 13. desember 1893 som nummer fem i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hans var stort sett som for dei fleste unge bygdegutar på ytre Sunnmøre i slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet: Etter folkeskulen og konfirmasjon, var det å ta til på sjøen som fiskar.

No viste det seg at Martin hadde spesielt stor interesse og givnad for mekanikk. Og han var ikkje nøgd med å la det mekaniske berre vere ein ekstrasyssel ved sida av fiskeriet. Så han drog til Ålesund og skaffa seg der ei allsidig og praktisk innretta mekanikarutdanning.

Martin fekk bygd seg verkstadbygning ute i fjøra på Naustneset i Ulsteinvik, på morsgarden ”Osnes”. Han starta opp Ulstein mek. Verksted i 1917 med svogeren Andreas Flø som kompanjong. Arbeidet som skulle gjerast her, var vedlikehald, reparasjon og forlenging. Martin Ulstein hadde gått i mekanikarlære i Ålesund. Verksemda kom i gang i august 1917 med ein arbeidsstokk på 5-6 mann. Arbeidet som skulle gjerast her, var basert på ny teknologi og ny kunnskap, og på arbeidsfolk som var villege til å lære.

Bedrifta Martin starta vart langt meir enn eit levebrød for han. Medan Andreas var i bedrifta i kort tid, vart bedrifta ein måte å leve på for Martin. Frå kring 1930 var Martin eineeigar av Ulstein mek. Verksted. Som dei fleste gründerar var han på verkstaden seint og tidleg. Med eit høgst personleg forhold til bedrifta, gjekk Ulstein mek. på folkemunne under namnet 'Martinslippen'. 

Martin Ulstein vart etter kvart ein kjent størrelse i Ulsteinvik. Han var det ein kan kalle ein lett person – lett å forhalde seg til og ta avgjersler i lag med. Han var full av skjemt og god til å fortelje ei treffande historie. Han var berre 23 år då han tok initiativet til å starte det som skulle bere slike friske frukter i åra som følgde.

 Alt i 1918 stod den første  slippen ferdig, ein såpeslipp med slabeit på eine sida. Verksemda bestod no av maskinverkstad, smie, treverkstad og slipp. Ny slipp sto ferdig i 1919, ein såpeslipp med skinner og vogn. Fram mot 1930 vart anlegget utvida til fire slippar, slik at 8 – 10 båtar kunne takast på land samtidig.  

Likevel greidde Martin å få tid til både kommunepolitikk, og andre samfunnsoppgåver i tillegg. Han var mellom anna ordførar for Venstre i Ulstein kommune.

Inga og Martin fekk seks born, tre søner og tre døtrer: Dagny, Inger, Magnulf, Kolbein Ole, Idar og Ragnhild.

Martin Ulstein døydde brått sommaren 1948 på veg heim frå Fylkestinget i Molde. Det mangla då eit halvår på at han var 55 år gammal.