Johannes skal bli elektrikar
Interessa til Johannes ligg i skip, og då han skulle velje yrkesretning tenkte han at elektrikaryrket kunne vere noko for han. Johannes tok til som lærling på ULSTEIN i 2013.
- På eit skip arbeider vi områdevis. Ei veke jobbar vi kanskje på lugarane, ei anna veke kan det vere på brua, i motorromet eller ute, og eg likar godt denne variasjonen i arbeidsoppgåver, fortel han. - Det er spennande å vere lærling, eg får lære mykje om system, komponentar og verktøy og korleis ein skal utføre eit arbeid, seier Johannes. Han er også nøgd med at det er fleire andre lærlingar og TAF-elevar på arbeidsplassen: - Vi er veldig mange i lærlingmiljøet her og har det er sosialt og kjekt, understrekar han.
Fødd døv
- Eg er fødd døv, men som toåring fekk eg operert inn eit cochlearimplant som gjer at eg under optimale forhold høyrer ganske godt, fortel Johannes, og legg til: - Mange som er høyrselshemma trur at dei ikkje kan jobbe innan industrien, for dei tenkjer at det er mykje støy på ein slik arbeidsplass. For oss som jobbar som elektrikarar er det i alle fall ingen problem. Vi er stort sett ikkje i dei sonene der det går føre seg støyande aktivitet, seier han.
Trygge og velkomne
Hanne Notøy er ansvarleg for Johannes og dei andre elektrikarlærlingane. – Vi prøver å legge forholda til rette slik at lærlingane skal føle seg trygge og velkomne når dei kjem til oss. For mange er dette eit første møte med arbeidslivet, og i alle fall deira første faste jobb. Vi seier til dei at dei må ha lav terskel for å spørre om ting, det finst ingen dumme spørsmål, berre mange dumme svar, seier ho med eit smil, og held fram:
– Etter at lærlingane har tatt fagbrev, kan dei bli tilsette som fagarbeidarar hjå oss. Fagarbeidarane får tilbod om kurs og oppgraderingar for å vidareutvikle fagbreva. Enkelte vurderer vidare utdanning, og då kan dei få stipend frå arbeidsgjevaren. Lærlingane er også med i bedrifta sin bonusavtale under heile lærlingtida, på lik line med andre fast tilsette.