Karl-Erik fekk stipend til vidareutdanning

Karl-Erik Sæbønes frå Sæbø var TAF-elev med utplassering på Ulstein Verft og har fagbrev som industrimekanikarar. Han fekk stipend frå Ulstein for å ta vidare utdanning som maskiningeniør. I sommarferiane arbeider han på Ulstein.

Ulstein ynskjer å bygge opp langsiktig, maritim kompetanse i regionen, og satsar sterkt på framtidig rekruttering gjennom å tilsette lærlingar, TAF-elevar og sommarhjelper eller å gi praksisplassar til studentar.

I løpet av ein sommar er det ofte mange som er inne på Ulstein i denne typen arbeid. Det kjem som ein konsekvens av fleire tiltak som vert gjort innan langsiktig skulesamarbeid.

Dei som er ferdige med lærlingtida og TAF-utdanninga si, kan få tilsetting og stipend til vidare relevant utdanning frå Ulstein, og sommarjobb i ferien. Det vert då satsa målretta frå bedrifta si tide på å få dei rette personane, og reine rutineoppgåver er det mindre av. Ungdomar i sommarjobb vert nytta inn mot aktuelle, prosjektretta oppgåver som gir ei god oppleving og som dei kan ha nytte av inn mot den utdanninga dei tek. Det gir dei også ei betre og meir realistisk oppfatning av Ulstein som selskap.

Likar å finne løysingar sjølv
Karl-Erik er ein type som likar å utvikle ting sjølv.
– Eg kom til Ulstein Verft som 16-åring, og vart tatt godt i mot. Eg fekk ein svært god arbeidsleiar i Svenn Harald Walaunet, som såg at eg likte å finne ut ting sjølv. Han gav meg oppgåver det ikkje fanst teikningar på, der eg sjølv måtte finne ei løysing. Dette gjorde at eg etter fagbrevet valte eit studium der eg kan delta i utvikling, og eg tok eit studium ved Høgskolen i Ålesund for å bli produktutviklar. Det gir kompetanse til å jobbe som maskiningeniør. Eg er utruleg glad for TAF-ordninga, den gir mange fordelar når ein vel å verte ingeniør seinare. I tillegg til realfag får ein praktisk tilnærming, og innsikt i korleis ting fungerer på golvet. No i sommar jobbar eg på utrusting. Eg får vere her og bruke produkta og lære meg oppbygginga av dei, eg gjer mykje stålarbeid, byggjer dørk og rekkverk, og det er midt i blinken for meg.

Ungdom som jobbar på Ulstein i feriar vert integrerte i eit fellesskap. Dei deltek på møte og er med på alle markeringar og feiringar. Ved å bli inkludert i ulike avdelingar, får dei meir oversikt over bedrifta, og kan lettare sjå ei mogleg framtid på Ulstein.

Summer jobs