Mange gevinstar med batteri på skip

Bruk av batteri på skip gir mange fordelar, reduksjon av drivstofforbruket og NOx-avgifta er to av dei. Nedanfor er lista opp nokre av dei viktigaste fordelane ved batteri.

1 - Reduserte drivstoffutgifter og NOx-avgifter

Batteri gjer at ein kan køyre motorane på det turtalet og den lasta dei er berekna for, og ein kan erstatte ein generator med batteriet. Eit batteri kan ta toppane i drivstofforbruket eller kan nyttast ved tilgang til landstraum. Dersom ein installerer eit batteri som erstatning for motor nummer 2, vil ein få ein stor reduksjon i forbruket. NOx-avgifta pr tonn diesel gjer at ein vil spare store summar kvart einaste år!

2 - Operatøren krev det

Fleire og fleire land har skrive under internasjonale miljøavtalar som regulerer marine utslepp, og utslepp er også regulert gjennom internasjonale konvensjonar utarbeidd av sjøfartsorganisasjonen IMO. IMO stiller også krav om energieffektivitet. Det gjer at fleire operatørar stiller krav om at skipa skal gå på batteridrift. Utan batteri – ingen oppdrag.

3 - NOx-fondet og Enova sine støtteordningar for batteri

Det finst gode støtteordningar som sikrar ei god investering og framtidig arbeid for skipet, og det viktigaste er NOx-fondet. Dette fondet gir støtte til skip som arbeider på norsk sektor i Nordsjøen, og det dekker altså opp til 80 prosent av konstnadene med innkjøp og installering av ein batteripakke. I tillegg kan Enova gi støtte til slike tiltak, med opp til 30 prosent av meirkostnaden ved investeringa. Som følgje av støtteordningane er denne typen investeringar typisk nedbetalte i løpet av 3-5 år.

4 - Innspart driftstid på motorane

For å kunne utnytte produsert energi på best mogleg måte krevst at ein må ha system-løysingar der ein kan bruke energi på eit anna tidspunkt enn når han blir produsert.
Dette gjer at ein får betre utnytting av produsert energi og vil gi reduserte utslepp og vedlikehaldskostnader som følgje av reduserte driftstimar for dieselmotorane.

5 - Ein sparer miljøet og komande generasjonar

Med batteri installert, vil ein kunne dokumentere reduserte utslepp, noko som vert kravd av operatøren. Skipsfart gir utslepp til luft av blant anna svoveloksidar (SOx), nitrogenoksidar (NOx), karbondioksid (CO2) og svevestøv. Utsleppa bidreg til global oppvarming, sur nedbør og luftforureining. Noko av utsleppa vert rensa vekk i katalysatorane (som i neste omgang skaper miljøproblem ved destruksjon) og noko går rett ut i naturen. Med batteri vil mellom anna SOx-, NOx -og CO2-utsleppa bli sterkt reduserte og gi ei enorm innsparing for miljøet. 

6 - Meir robust kraftsystem

Kraftsystemet sin samansetnad og nye funksjonalitet skaper ei meir feiltolerant og robust systemløsning. Eit system som er meir robust gir auka evne til å handtere eventuelle feilscenarier.

Stor innsparing med batteri på skip

Stadig strengare miljøkrav vert stilt til skip i Noreg, krav om batteridrift er eitt av dei. Fleire instansar gir støtte til installering av batteri. Frå første dag med batteri sparer reiaren mangfaldige tusen kroner årleg i reduserte CO2-avgifter, og støtteordningane gjer at investeringa er nedbetalt i løpet av få år.

Stor innsparing