Kvalitet heile vegen

Ulstein Verft er sertifisert i samsvar med ISO9001:2015-standarden.

ENGLISH

ISO 9001:2015 gir eit rammeverk for eit godt organisert kvalitetsstyringssystem, basert på prinsipp som eit sterk kundefokus, involvering av toppleiinga, ei prosesstilnærming og kontinuerleg forbetring. Med ISO 9001:2015 er bedrifta med på å sikre at kundane får gjennomgåande god kvalitet på produkt og tenester.

ISO 9001:2015-sertifisering er eit synleg prov på at bedrifta har høge kvalitetsstandardar. Hensikta med ISO9001-standarden er å:

  • betre den generelle ytinga
  • berekraftig utvikling
  • syte for tillit til produkt og tenester
  • konsekvent oppfylle krav
  • styrke selskapet ved at kundane vert meir tilfredse
  • unngå kostnader som ikkje er naudsynte
  • redusere feil og sløsing/avfall
  • betre intern kommunikasjon
  • betre kontroll med prosessane
  • oppnå ønska resultat gjennom kontrollert styring
  • sikre avtalt kvalitet i varer og tenester


KVALITETSPOLITIKK ULSTEIN SHIPBUILDING

Ulstein Shipbuilding (USB) er eit forretningsområde i Ulstein Group. USB femner om Ulstein Verft AS og Ulstein Elektro Installasjon AS.

Ulstein Shipbuilding byggjer eit breitt spekter av svært effektive skip med varig konkurransekraft. Ulstein Shipbuilding har unik kompetanse innan engineering (detaljdesign), produksjon, igangkøyring og installasjon. Vi har fokus på innovative teknologiske løysingar og metodar, prosjektstyringskompetanse og effektive logistikk- og utrustingsmetodar.

  • Ulstein Shipbuilding er forplikta til å arbeide i samsvar med lovbestemte reglar og forskrifter.
  • Ulstein Shipbuilding er forplikta til å arbeide i samsvar med ansvarleg, etisk og sunn forretningsdrift.
  • Våre forretningsprinsipp er basert på visjonane og verdiane våre som er fastlagde i vår strategi og etiske retningslinjer.
  • Vi garanterar at vi skal gjere vårt yttarste for å møte kundane sine forventingar både når det gjeld god utføring og presis levering.
  • Vi skal vere pålitelege og grundige i alle trinn i prosessen frå idé til levering slik at kundane våre vert sikra varig avkasting.
  • Kvalitetsdrivarane våre er kostnadseffektivitet, sikkerheit og pålitelegheit.
  • Toppleiinga arbeider kontinuerleg for forbetring, dette inkluderer Kvalitet i Ulstein og systemet for avvik og forbedring.   
  • Toppleiinga skal sikre rammene for kvalitetsmål, risikoanalyse og kontinuerleg forbetring.
  • Toppleiinga vil styre kundefokuset, opplæring og kommunikasjon i kvalitetssystemet gjennom heile organisasjonen.

Halde tritt

Maritime operasjonar er komplekse og globale. Standardane for effektivitet, sikkerheit og eit grønt ansvar er i stadig endring. Noko som tidlegare var godkjent prosedyre, er no ikkje lenger tillate. Vi tek ansvar for å halde oss og kundane oppdaterte, slik at produkta er i samsvar med dagens krav og med krav ein veit kjem i framtida. 

Som ein global og innovativ leverandør innanfor maritime operasjonar, tilbyr vi kost-effektive, sikre og pålitelege produkt og tenester til aktørar som tenkjer heilheitleg og på lang sikt. 


Kostnader i produktet si levetid

Kosteffektivitet som heng saman med drivstofforbruk og forbruk av andre ressursar er viktig for naturmiljøet og også for kundane våre. Mindre nedetid som følgje av vedlikehald eller anna arbeid er også viktig. Eit fartøy frå oss skaper verdiar og kostnadseffektivitet gjennom heile levetida si. 

Ein langsiktig partnar

Ein viktig del av eit kvart prosjekt er å halde seg til avtalt leveringstid, kvalitet og pris. Leveringspresisjon er essensielt for skipseigarar og andre aktørar som skal ha skip, utstyr og tenester. ULSTEIN er ein partnar som leverer rett kvalitet til rett tid.

Sikkerheit

Ulukker kan forårsake skade hos mannskapet, forurensing eller skade på skip, utstyr og system. Sikkerheit og naturmiljøet er ikkje berre av etisk karakter, men har også å gjere med risikostyring. For oss er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som er sikre og som ikkje skadar miljøet.