QHSE- kvalitet, helse, sikkerheit og miljø

Noreg har vore ein sjøfarande nasjon sidan før vikingtida. Dei norske røtene våre vitnar om lange tradisjonar innan maritim kunnskap. I 100 år har dei krevjande forholda i Nordsjøen forma ULSTEIN sine standardar innan kvalitet og sikkerheit og skapt eit sterkt fundament for å møte framtidas utfordringar.

Ulstein er ein langsiktig partnar som arbeider for å sikre framtidig konkurranseevne og berekraftig vekst.

Vi har eit slagord som seier: «Turning visions into reality», som på norsk vert noko slikt som: «Vi gjer visjonar verkelege». Meir enn eit slagord, speglar det att nerven i selskapet.  Vi vektlegg ein innsats på kvalitet, helse og sikkerheit og naturmiljøet, og vi skal halde fram med å skape morgondagens løysingar for berekraftige maritime operasjonar.