Service & Ettermarknad

Vi tilbyr tenester innan retrofit, ombygging og oppgradering, service og vedlikehald, klassing, stabilitetsberekningar, kommisjonering, modifiseringar og skipsreparasjonar. Vi tilbyr elektroservice døgnet rundt for våre system innan power og automasjon.

Ekspertisen vår er unik ved at den omfattar design og engineering, installasjon, kommisjonering og oppgraderingar. Vi tilbyr innovative teknologiske løysingar og metodar, prosjektleiing og effektiv logistikk og utrusting. Lagånd og ein straumlinjeforma produksjon gir utslag i høg fleksibilitet og kvalitet. Eit tett samarbeid mellom design, engineering, produksjon og operasjonelt arbeid gjer oss til ein attraktiv tilbydar av ettermarknadstenester.

Vi kan tilby engineering (detaljdesign) for å bygge om eit kvart skip, engineering for å installere prosjektutstyr, og også kalkuleringar og analyse av eksempelvis styrke, stabilitetsoppdatering, CFD-simulering, sjøeigenskap og rørsle/bevegelse.

Ulstein Verft har dokkhall og krankapasitet, lekter og mobilkran (Terex CC2800-1), transport på område, og ressursar innan sandblåsing/sliping, maling og priming (overflatebehandling)

DESIGN & SOLUTIONS

Skipsdesignarar med fagkunnskap innan hydrodynamikk, stabilitet, maskin og framdrift, skrogstruktur og utrustning, innreiinig, elektro, dimensjonar, analyse. System redesign, forsterkning, relokasjon, installasjon, kost-nytte-analyse, gjennomførbarheits-studie, kalkulasjonar (stabilitet, dekksstyrke), kapasitetsauke, modifikasjon/tilpasning, oppgradering og oppdatering (FiFi-system, tankplan), ombygging, oppgradering, omarbeiding, site-support, motion-studie, rensing av ballastvatn, krengeprøve, auka lasteevne, forlenging, drivstoffoptimalisering, drivstoffreduksjon, miljøstandardar, tilpassing til nytt regelverk.

SHIPBUILDING

100 års erfaring innan skipsbygging. Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon har ingeniørar og teknisk kompetanse innan fagområde som HVAC (ventilasjon), innreiing, stabilitet, maskineri og framdrift, skrogstruktur, utrusting, elektrisk installasjon. Service- og ettermarknadstenester inkluderer lekter- og multiwheelertransport og kranløft for oppdrag utanfor Ulstein Verft. På vårt område inkluderer tenestene ombyggingar, reparasjon, høgtrykkspyling, skrogbehandling, maling, rørproduksjon, vedlikehald, oppgradering, stålarbeid, sveising, sliping, inndokking, utdokking, utleige av kaiplass, lagring av utstyr.

POWER & CONTROL

Vi har lang erfaring innan utvikling av kontrollsystem og utstyr til skip, til dømes automasjonsplattforma X-CONNECT. Service- og ettermarknadstenestene omfattar prekommisjonering, installasjon og kommisjonering (igangsetting) av våre eigne og andre sine elektriske system og produkt. Vi har serviceingeniørar som reiser til verft og hamner i heile verda for å yte service, og servicetelefonen vår er tilgjengeleg alle døgnets timar.

Please contact us for more information