Ulstein i 100

I 2017 feirer vi 100 år. Dei krevjande forholda i Nordsjøen har forma Ulstein sine standardar og har sett standarden for eit sterkt fundament som har rusta oss for å møte framtida.

Noreg har vore ein sjøfartsnasjon sidan vikingtida, og vi har vore avhengige av det sjøen har å gje oss. Sidan etableringa i 1917, har Ulstein sett nye moglegheiter. Ulstein starta opp midt i omlegginga frå segl til motor, og tilpassa seg nye behov og endringar.

Etter fleire tiår med bygging og reparasjon av fiskebåtar i tre, omstilte vi oss til å bygge skip av stål, først ferjer og fiskebåtar. Ved funnet av olje i Nordsjøen i 1969, utvikla vi design og leverte våre første offshoreskip tidleg på 1970-talet. I seinare år har vi utvikla design og løysingar innan offshorevind, passasjertransport og ekspedisjonscruise.

Som følgje av endringar i behov innan offshore olje og gass, har desse nye segmenta kome til som levedyktige marknader gjennom ei proaktiv forretningsutvikling. Dette har gitt oss ein meir omfattande portefølje og fleire bein å stå på.

Ulstein har etablert eit omdømme på å levere solide teknologiske løysingar – og å levere i tide og i samsvar med avtale.

Framveksande teknologi, særleg innan digitalisering, introduserer oss for nye utfordringar, men ikkje minst nye moglegheiter. Viljen til å satse på ny kunnskap, til å vidareutvikle seg og til å vekse, går som ein raud tråd gjennom heile historia til Ulstein-bedrifta.

Historier gjennom 100 år

Historiske videoar

Båtbygging og kreativitet har ført til mange artige filmar gjennom vår 100 år lange historie.

Sjå meir

Innovasjonar

Gjennom 100 år har mange nyvinningar sett Ulstein på kartet. Sjå nokre av våre siste innovasjonar her. (engelsk side)

Innovasjonar

Historiske høgdepunkt