Arven vår

I løpet av åra har ULSTEIN utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.

Ulstein Mek - med satsing på fiskebåtar

Noreg har vore ein sjøfarande nasjon sidan vikingtida. Det norske opphavet vårt føyer seg inn i lange tradisjonar med maritim kunnskap. I snart 100 år har dei krevjande forholda i Nordsjøen forma ULSTEIN sine standardar innan kvalitet og sikkerheit, og skapt eit sterkt grunnlag for å møte framtidige utfordringar. 

Selskapet vart etablert i 1917 av Martin Ulstein, som då var 23 år gammal, og svogeren hans, Andreas Flø. Det starta som ein verkstad for tilpassingar av lokale fiskebåtar, som på den tida gjekk over frå segl til motor. Etter at Martin døydde brått i 1948, vart det eldstesonen, Magnulf, som tok over som verftsdirektør, medan enka Inga vart styreleiar. 

Arbeidarane ved Ulstein mek. Verksted i 1948, kort tid etter at stiftaren, Martin Ulstein, gjekk bort. Eldstesonen og ny verftsdirektør, Magnulf Ulstein, i midten på fremste rad. Bror hans, Kolbein Ole sit heilt ytst til høgre. Den yngste av arbeidarane, 14 år gamle Idar i ei heimestrikka kofte, er bror nummer tre.

Passasjerskip og propellproduksjon

I åra som følgde kom ULSTEIN til å vekse seg til å bli ein global aktør og tok del i mange teknologiske omveltingar i den maritime industrien. Frå midten av 1960-åra vart utviklinga av selskapet ført vidare av yngstesonen til Martin, Idar Ulstein (les hans historie her). 

På 1960-talet vart det gjort grep for å auke breidda i tilboda, og å kome i gang med ein eller annan form for produksjon. Valet fall på produksjon av propellar, der konsernet allereie hadde kompetanse gjennom fleire års reparasjonsarbeid. 

Oljealderen førte til utvikling av eigne skipsdesign tilpassa Nordsjø-forhold

Oljealderen i Noreg tok til sist på 1960-talet. Ulstein fekk førespurnader om å bygge supplyskip av amerikanske design, men desse var ikkje eigna for Nordsjøen. Ulstein byrja å utvikle nye skipstypar sjølve. Skroga var breiare og hadde større fribord slik at skipa kunne arbeide sikrare i grov sjø. Ein tok til å selje design over heile verda, noko som utvida kontaktnettet og gav økonomi til å drive ei omfattande verksemd på dette området. 

I 1999 vart størsteparten av selskapet selt til Vickers (som seinare vart oppkjøpt av Rolls-Royce), men Ulstein-familien heldt fram med skipsbyggingsaktiviteten, og tok til arbeidet med å bygge det nye ULSTEIN. Ein ny designportefølje vart utvikla under merkenamnet ULSTEIN-design, og det er også utvikla mange produkt og løysingar innan kraft og kontroll (automasjon) og skipsdesign.

Baugdesignet X-BOW vart lansert i 2005. Det første X-BOW-skipet var ankerhandteringsfartøyet 'Bourbon Orca', og i dag er meir enn 100 X-BOW-design selde over heile verda. 

Selskapet vert i dag leia av tredje generasjon av familien, Gunvor Ulstein og Tore Ulstein.

Innovasjon, solide teknologiske løysingar og å levere til avtalt tid har vore viktig heilt frå starten. ULSTEIN-kvaliteten er legendarisk og vår posisjon som ein innovatør innan maritimt utstyr og skip kjem frå fleire tiår med fokus på å utvikle produkt, løysingar og tenester for dei aller tøffaste forhold.

References

Our shipbuilding history dates back to 1917, starting with the repairs and construction of fishing vessels, followed by steel newbuilds including passenger ships, ferries and offshore vessels.

100 years of ship references

Ulstein Expo

Ulstein Expo is Ulstein Group's corporate exhibition, and is situated next to the reception in the head offices in Ulsteinvik, Norway.

Ulstein Expo