Ulstein Verft DJI 0125

Korleis vi gjer ein skilnad

Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik. 

Med skaparglede inn i framtida

I over 100 år har vi hatt evne til å sjå og utnytte nye mulegheiter og hatt god utvikling gjennom skiftande tider i den maritime næringa. Gjennom hardt arbeid og skaparglede skal vi halde fram med å fornye oss og bruke kompetansen vår til det beste for kundane våre. 

Ein pådrivar til å stole på

Ulstein er ein internasjonal og nyskapande pådrivar innan marine operasjonar. Vi tilbyr kostnadseffektive, sikre og pålitelege produkt og tenester til framsynte aktørar som tenker heilheitleg og langsiktig.

Løysingane våre gjer det muleg for reiarlag, operatørar og kontraktørar å oppnå langsiktig konkurransekraft i sine marine operasjonar.

Sustainability Adobe Stock 289841682

Visjon

Vi skaper morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. 

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har våre medarbeidarar vore med på å utvikle framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet.  

Team work maritime Adobe Stock 433302795

Forretningsidé

Ulstein tilbyr skipsdesign, skipsbygging, systemløysingar og tenester som muleggjer effektive, ansvarlege og pålitelege marine operasjonar. 

Arbeidet er basert på kontinuerleg utveksling av kunnskap og erfaring i den maritime klynga mellom reiarlag, kontraktør, leverandør, designar og skipsbyggarar. Vi søker alltid å vere eitt steg føre når det gjeld løysingar for framtidsretta og berekraftige marine operasjonar. 

Employees Ulstein Sfeerbeeld 23

Verdiar

Ulstein sine verdiar er Innovere, Engasjere og Avansere. Det er menneska i organisasjonen og dei vi samarbeider med som står for verdiane. Våre medarbeidarar skal kunne, ville, få mulegheit til å gjennomføre.  

Innovere

Vi er uredde, men disiplinerte, når det gjeld å kome opp med idear og gjere dei om til verkelegheit.

Engasjere

Vi seier ja til engasjerte medarbeidarar – for å hjelpe til med og løyse dei utfordringane som Ulstein og industrien står overfor.

Avansere

Vi søker aktivt mulegheiter for å vidareutvikle oss og for å bli betre. 

Kva ønsker kundane våre?

Kundane våre treng ein partnar som bidreg til at dei får auka konkurranse-fortrinna og redusert risikoane dei møter. Gjennom ei systematisk tilnærming til innovasjon, skal vi vere ein god partnar. Vi skal bidra til at kundane kan halde tritt med skiftande standardar og krav til yting – ikkje berre for det som gjeld i dag, men også for krava som vil kome. 

Lågast muleg livsløpskostnad
Kostnadseffektivitet i forhold til drivstoff og andre ressursar er avgjerande for kunden, særleg ettersom energiprisane mest truleg vil halde seg høge. Redusert nedetid i samband med vedlikehald og anna arbeid er også viktig. Reiarane må vere sikre på at kostnadseffektiviteten er optimal gjennom heile livssyklusen til fartøya sine.
Ein partnar til å stole på
Å kunne halde seg innanfor avtalt tid, kvalitet og pris er avgjerande. Reiarlag og andre aktørar treng utstyr og tenester som sikrar leveringspresisjon – og dei oppsøker samarbeidspartnarar som dei veit kan levere rett kvalitet på tid, noko som bidreg positivt til deira eiga inntening og eige omdøme.
Tryggleik
Ulykker kan påverke miljøet eller føre til skadar på mannskap eller eigedom. Tryggleik og miljø er ikkje berre etiske problemstillingar, men også eit spørsmål om risikostyring. For kundane våre er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som tek omsyn til miljøet og ivaretek sikkerheita.

Kva er historia vår

Vi ønsker å gi meirverdi til kundane våre, noko som vert avspegla i visjonen og verdiane våre. Vi har ein forretningskultur og prestasjonar som vi er stolte av, og saman utgjer dette kjerna av det som er oss.  

Og kva er det som verkeleg skil oss ut? Ei rik maritim historie som har gitt oss ein unik identitet og ein arv som lever vidare.  

Ulstein Verft DJI 0125

Korleis vi gjer ein skilnad

Ulstein Group er eit tredje generasjons, familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein sin visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Selskapet vart etablert i 1917, og har hovudkontor i Ulsteinvik. 

Heritage Ulstein Mek1927

Arven vår

I løpet av åra har Ulstein utvikla seg frå å vere ein mekanisk verkstad til eit innovativt selskap innan skipsdesign, skipsbygging og maritime løysingar for den globale marknaden. Her er eit innblikk i vår historie gjennom 100 år.

IDC 2022 2

Skaparglede og innovasjonskultur

Vi har ein forretningskultur som kombinerer struktur og kreativitet, erfaring og innovasjon, djerv tenking og nøyaktig gjennomføring.