Our colleague Kelly working in Ulstein Marine Systems Shanghai Co Ltd

Likestilling i Ulstein

ARP-rapportering i Ulstein Group.

Formålet med «Lov om likestilling og forbod mot diskriminering» (Diskrimineringslova) er å fremje likestilling, sikre like moglegheiter, rettigheiter og hindre diskriminering. Diskrimineringslova tar særleg sikte på å betre kvinners og minoritetars stilling. Diskrimineringslova pålegg alle arbeidsgjevarar å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling, hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, eller kombinasjonar av desse, og søke å hindre trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald.

Alle arbeidsgjevarar i Noreg har ei plikt til å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å skape meir likestilling og hindre diskriminering på arbeidsplassen, iverksette tiltak og jobbe førebyggande for auka likestilling, sjølv om ein ikkje kjenner til at det førekjem diskriminering på arbeidsplassen. Ulstein har dette som ein del av sitt HMS-arbeid. Vi jobbar målretta og systematisk for å oppfylle lovkrava i eiga verksemd. Arbeidet for å oppnå dette inkluderer mellom anna områda rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, karriere- og utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging og moglegheit for å kombinere arbeid og familieliv og vern mot trakassering.

Vi jobbar aktivt for å auke andelen kvinner i vår organisasjon, særleg innan mellomleiing, tekniske fagområde og i produksjonen, då vi meiner at auka mangfald vil styrkje vår konkurranseevne. Vi støttar også aktivt karriereutvikling og livslang læring. Den årlege medarbeidarsamtalen inkluderer spørsmål knytt til utviklingstiltak og kompetanseheving. Vi jobbar for å utlikne eventuelle kjønnsforskjellar og auke talet på kvinner i den maritime næringa.

Ulstein si utgreiing om aktivitetsplikt er delt i to delar, «Tilstand for likestilling mellom kjønna» og «Vårt arbeid for likestilling og mot diskriminering».

Rapport for Aktivitetsplikt og redegjørelsesplikten (ARP) er tilgjengeleg for nedlasting på denne sida.