
Folka i Ulstein
Her finn du eit mangfald av menneske og fagroller. Ta ein kikk og bli kjent med nokre av dei som jobbar hos oss!
Møt nokre av folka bak arbeidet
I over 100 år har vi hatt evne til å sjå og utnytte nye mulegheiter og hatt god utvikling gjennom skiftande tider i den maritime næringa. Gjennom hardt arbeid og skaparglede skal vi halde fram med å fornye oss og bruke kompetansen vår til det beste for kundane våre.

Frå verkstad til 3D-design; slik bygger Nicholine bru mellom teori og praksis
Nicholine Nesset Lystad har både fagbrev og ingeniørbakgrunn. Det gjer det lettare å jobbe med systemdesign i 3D, fordi ho har vore tett på korleis systema faktisk blir bygde.

Frå elektrikar til arbeidsleiar: 50 år med lagånd og framdrift
Adolf Espeseth starta arbeidslivet som elektrikar i 1975 ved Smedvik Mekaniske Verksted, som vart ein del av Ulstein Group i 1981. I dag, 50 år seinare, jobbar han som arbeidsleiar for elektro i Ulstein Elektro Installasjon og trivst framleis best der det skjer: ute i produksjonen.

Gard sin veg inn i riggjobben ved Ulstein Verft
Gard Arnesen jobbar som hjelpearbeidar på rigg i Ulstein Verft og har vore der i om lag eitt og eit halvt år. Han kom inn i verftsarbeid utan tidlegare erfaring, etter studieførebuande og eitt år på BI. – I starten er alt nytt, men gir du det litt tid, blir Ulstein Verft ein arbeidsplass du verkeleg trivst på, fortel han.

Arbeidsleiar i Ulstein Verft: ansvar, samarbeid og utvikling
Håkon Marius Reitan har jobba som arbeidsleiar i Ulstein Verft i rundt femten år, etter å ha starta som hjelpearbeidar i ung alder. Med bakgrunn frå mekaniske fag og sommarjobbar i ulike bedrifter fekk han raskt kjensla av at arbeidsforma, miljøet og ansvaret i Ulstein passa han godt. – Å vere arbeidsleiar i Ulstein Verft handlar om å handtere endringar, bygge folk og få planane til å gå opp. Det gjer jobben både utfordrande og veldig kjekk, fortel han.

Å vere industrirørleggarlærling på Ulstein Verft
Som førsteårs lærling i industrirørleggarfaget likar Jonas Langlo best når han får forstå korleis alt heng saman, og når arbeidsdagen ikkje er lik i morgon som i dag.

Basmontør i Ulstein Elektro Installasjon: når variasjon og samarbeid gir meistring
Andreas Nilsen Svenslie jobbar som basmontør i Ulstein Elektro Installasjon. Han kjem frå elektrofaget og har fleire års erfaring innan høgspent, svakstraum, skipsbygging og prosjektarbeid. - Det er variasjonen, samhaldet og kjensla av å sjå noko fungere som gjer jobben så kjekk, fortel han.

«Åleine til Ushuaia» – med Markus på serviceoppdrag rundt halve jorda
- Det er mange moglegheiter med den jobben her! seier Markus Myklebust Myrstad, automasjonsingeniør i Ulstein Power & Control. Nyleg var han i Ushuaia for å hjelpe to ekspedisjonscruisefartøy vidare på vegen, med både akutt fjernløysing, installasjonar om bord og systeminspeksjon.

Presisjon i praksis – når erfaring og samspel gjer det umoglege mogleg
Når eit nesten 150 meter langt, nybygd skip skal ut av dokkhallen med under éin meter klaring på kvar side, og vinden står på frå alle kantar, har ein lite feilmarginar. Det krev planlegging, presisjon – og eit team som veit kva dei gjer.

Bak kulissane: Slik vert kabelleggingsskipet Nexans Electra bygd
Skipsbyggingsprosjektet Nexans Electra nærmar seg sluttfasen i dokka før det omfattande arbeidet held fram ved kai fram mot prøvetur våren 2026. Korleis organiserer ein arbeidet for hundrevis av arbeidarar, underselskap og leverandørar i mange månader for å få prosjektet ferdig på tid og på budsjett? Bli med på reisa saman med prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft.
Sterke fagmiljø i samspel
I Ulstein er yrkesrollene våre tett vevd saman i sterke og tverrfaglege fagmiljø. For å utvikle, bygge og drifte stadig meir komplekse skip og maritime løysingar, treng vi ei brei samling av ferdigheiter – frå dei som står nær produksjonen til dei som arbeider med design, teknologi, dokumentasjon, kundedialog og drift. Mangfaldet av roller gjer at vi lærer av kvarandre, utfyller kvarandre og skaper betre resultat saman.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?








