
Arbeidsleiar i Ulstein Verft: ansvar, samarbeid og utvikling
Håkon Marius Reitan har jobba som arbeidsleiar i Ulstein Verft i rundt femten år, etter å ha starta som hjelpearbeidar i ung alder. Med bakgrunn frå mekaniske fag og sommarjobbar i ulike bedrifter fekk han raskt kjensla av at arbeidsforma, miljøet og ansvaret i Ulstein passa han godt. – Å vere arbeidsleiar i Ulstein Verft handlar om å handtere endringar, bygge folk og få planane til å gå opp. Det gjer jobben både utfordrande og veldig kjekk, fortel han.
Frå fagbrev til arbeidsleiar
Det var onkelen som ordna intervju og slik hjelpte han inn i arbeidslivet på eit tidspunkt då han var lei av skule og ønskte å komme seg ut i arbeid. Over tid tok han fagbrev som privatist og bygde brei erfaring gjennom oppstart (kommisjonering), testkøyring og drift av ulike system, før han etter kvart gjekk inn i rolla som arbeidsleiar. Han opplevde det som naturleg å ta steget vidare, og kjende at han hadde hamna på rett plass, ein plass der både ansvar og utvikling følgde med innsatsen.
Kvardagen til ein arbeidsleiar: planlegging, produksjon og støtte til teamet
Arbeidskvardagen til Håkon er variert og full av skiftande prioriteringar. Han startar ofte dagen med planlegging og fordeling av arbeidsoppgåver, før han går ut i produksjonen for å støtte teamet, avklare behov, starte opp aktivitetar og sjå til at ting går trygt og effektivt føre seg. Det kan vere alt frå å skaffe naudsynt utstyr, til å hjelpe til ved testing og igangkøyring av system. - Det er viktig med førebuande arbeid, som merking og klarstilling av område, slik at alt kan gå raskt og greitt når delane kjem, seier han.
– Det mest givande er å jobbe med folk og få ting til å skje saman, understrekar Håkon. Når planlegginga fungerer, når teamet jobbar godt saman og dei som er nye får god læring, er Håkon fornøgd.
Samtidig er dette ei rolle som krev mykje, spesielt når fristar er korte, informasjonen kjem seint og prioriteringar endrar seg fleire gonger om dagen. Håkon likar nettopp denne balansen mellom struktur, samarbeid og raske vurderingar, og han meiner det er her meistringskjensla ligg.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Leiarutvikling og fagleg vekst i Ulstein
Gjennom åra har Håkon fått støtte av basane, operatørane og andre kollegaer som er gode til å dele erfaring og spele kvarandre gode, men sjølv etter mange år i Ulstein opplever han at han framleis har mykje å lære. Han ønsker å utvikle seg vidare innan leiarrolla, bygge sterkare systemforståing og halde fram med å ta del i komplekse prosjekt som gir nye utfordringar. Han set pris på at Ulstein gir rom for å prøve nye oppgåver, ta ansvar og forme eigen arbeidskvardag.

Det er triveleg, kompetent og inkluderande. Ein stad der folk spør, deler kunnskap og hjelper når nokon står fast.
Der folk støttar kvarandre – også når det er travelt
Arbeidsmiljøet i Ulstein er noko av det Håkon set høgast.
- Det er triveleg, kompetent og inkluderande. Ein stad der folk spør, deler kunnskap og hjelper når nokon står fast.
I hans eige team, som består av både erfarne fagarbeidarar og fleire lærlingar, er samarbeid og løysingsorientering sentrale.
- Dei snur seg raskt rundt når kundar gjer endringar, støttar kvarandre gjennom travle periodar og jobbar målretta for å få prosjekta vidare.
For Håkon er det nettopp kombinasjonen av ansvar, samarbeid og tillit som gjer Ulstein til ein stad han ønskjer å utvikle seg vidare. Han meiner at det sterke samhaldet og den gjensidige respekten gjer store forskjellar i kvardagen, og er noko av det som skil Ulstein frå andre arbeidsplassar.
