
Yrkesroller og fagmiljø
I Ulstein er mangfaldet av kompetanse ein styrke. Vi utfyller kvarandre, lærer av kvarandre og løftar kvarandre – og nettopp dette tverrfaglege samarbeidet gjer at vi kan levere framtidsretta og komplekse maritime produkt.
Sjå våre yrkesroller
Her er eit utval av stillingar du finn i Ulstein.

Disiplinleiar
Ei sentral rolle som bind saman planlegging, fagleg kvalitet og effektiv gjennomføring.

Industrirørleggar
Bli ein del av eit sterkt fagmiljø der du bygger presise rørsystem for framtidas maritime løysingar.

Industrimekanikar
Ver med å bygge, klargjere og ferdigstille mekaniske løysingar for moderne fartøy i utvikling.

Stillasmedarbeidar
Bidra til tryggleik og framdrift gjennom sikre stilasløysingar.
Sterke fagmiljø i samspel
I Ulstein er yrkesrollene våre tett vevd saman i sterke og tverrfaglege fagmiljø. For å utvikle, bygge og drifte stadig meir komplekse skip og maritime løysingar, treng vi ei brei samling av ferdigheiter – frå dei som står nær produksjonen til dei som arbeider med design, teknologi, dokumentasjon, kundedialog og drift. Mangfaldet av roller gjer at vi lærer av kvarandre, utfyller kvarandre og skaper betre resultat saman.




