
Riggarbeidar
Ei praktisk rolle med stor variasjon, tett samarbeid og gode moglegheiter for læring og utvikling.
Kva gjer ein riggarbeidar i Ulstein?
Som riggarbeidar i Ulstein er du med på å halde produksjonen i gang frå dag til dag. Du er tett på bygginga av fartøy, og du bidreg med praktiske oppgåver som gjer at prosessen flyt og at arbeidet kan gå sikkert og effektivt. Enten du bygg stillas, køyrer kran, testar utstyr eller støttar arbeidet om bord, er du ein viktig del av laget som sørgjer for at skip vert ferdige på ein trygg og strukturert måte. Her får du vere midt i det som skjer, i eit miljø der ingen dagar er like og der du lærer noko nytt heile tida.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst best når du får bruke kroppen, vere i aktivitet og bidra praktisk i produksjonen. Du treng ikkje formell utdanning for å kome i gang, men du må vere lærevillig, positiv og interessert i å jobbe på ein trygg og strukturert måte. Du er typen som likar å hjelpe andre, ta initiativ og finne gode løysingar saman med kollegaer. Tolmodig, praktisk og oppteken av kvalitet er ord som passar deg, og du set pris på eit arbeidsmiljø der ein støttar kvarandre og jobbar som eit lag. Om du har lyst til å lære nye metodar, ta kurs og utvikle deg, får du moglegheit til det her.
Ein dag som riggarbeidar
Ein dag i denne rolla byr på stor variasjon. Du kan starte med å byggje eit stillas, før du går vidare til krankøyring eller testing av utstyr som skal om bord i eit fartøy. Kanskje ventar praktisk arbeid inne i hallen, eller kanskje blir du med ut på båt for å hjelpe til med oppgåver som må løysast der og då. I starten får du tett oppfølging, men etter kvart som du lærer meir, får du større ansvar og jobbe meir sjølvstendig. Det kan skje endringar i planane, så du må kunne snu deg raskt for å bidra der behovet er størst. Det er nettopp denne variasjonen som gjer jobben spennande, og som gir deg brei erfaring i eit arbeidsmiljø der samarbeid og godt teamarbeid er viktig.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.