Ulstein Verft
Ulstein Verft bygger eit breitt spekter av høgeffektive skip med varig konkurranseevne. Vi tilbyr vår kombinerte kunnskap innan design, prosjektering, prosjektleiing, konstruksjon, installasjon og ferdigstilling. Vi har vore skipsbyggarar sidan 1917, og er kjende for å levere kvalitet til rett tid.
Avansert skipsbygging gjort enkelt
Vi byggjer eit breitt spekter av høgeffektive skip med varig konkurranseevne innanfor fleire segment. Dei siste åra har vi bygd skip for fornybar-marknaden, til dømes kabelleggarar og støttefartøy for havvind, har fått internasjonal merksemd for våre topp moderne ekspedisjonscruiseskip og levert verdas største bil- og passasjer-hybridskip.
Gjennom åra har Ulstein opparbeidd ein unik kompetanse innan prosjektering, installasjon, ferdigstilling og oppgradering ved verftet. Vi fokuserer på innovative teknologiske løysingar og metodar, prosjektleiing og effektive logistikk- og utstyrsmetodar.
Ei sterk lagånd og straumlinjeforma produksjon gir høg grad av fleksibilitet og kvalitet.
Kva ønsker kundane våre?
Kundane våre treng ein partnar som bidreg til at dei får auka konkurranse-fortrinna og redusert risikoane dei møter. Gjennom ei systematisk tilnærming til innovasjon, skal vi vere ein god partnar. Vi skal bidra til at kundane kan halde tritt med skiftande standardar og krav til yting – ikkje berre for det som gjeld i dag, men også for krava som vil kome.
- Lågast muleg livsløpskostnad
- Kostnadseffektivitet i forhold til drivstoff og andre ressursar er avgjerande for kunden, særleg ettersom energiprisane mest truleg vil halde seg høge. Redusert nedetid i samband med vedlikehald og anna arbeid er også viktig. Reiarane må vere sikre på at kostnadseffektiviteten er optimal gjennom heile livssyklusen til fartøya sine.
- Ein partnar til å stole på
- Å kunne halde seg innanfor avtalt tid, kvalitet og pris er avgjerande. Reiarlag og andre aktørar treng utstyr og tenester som sikrar leveringspresisjon – og dei oppsøker samarbeidspartnarar som dei veit kan levere rett kvalitet på tid, noko som bidreg positivt til deira eiga inntening og eige omdøme.
- Tryggleik
- Ulykker kan påverke miljøet eller føre til skadar på mannskap eller eigedom. Tryggleik og miljø er ikkje berre etiske problemstillingar, men også eit spørsmål om risikostyring. For kundane våre er det viktig at alle delar av verdikjeda leverer produkt og tenester som tek omsyn til miljøet og ivaretek sikkerheita.