Service aftermarket

Kranløft og transport

Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

  • Demag CC2800 1 krana loftar Mc Gregor krana
    Demag CC2800-1-krana løftar McGregor-krana.
  • Ved Cermaq sitt lakseanlegg
    Ulstein si tungløftsavdeling i arbeid ved Cermaq sitt lakseanlegg.
  • Ulstein heavylift multiwheeler kran oppdrag Averoy 6
    Mobilkrana har lang løftearm og kan ta tunge løft, opp til 600 tonn på land, og 400 tonn når ho står på lekteren. Foto: Egil Reidar Ørsal.
  • Ulstein heavylift multiwheeler kran oppdrag Averoy 1
    Ulstein Verft si tungløftsavdeling på plass på Averøy i samband med kranoppdrag. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Trygt og raskt levert langs kysten

Avdelinga for tungløft ved Ulstein Verft spelar ei nøkkelrolle når ein skal flytte eller løfte tungt utstyr og seksjonar. 

Utrusta med to stykk Goldhofer multiwheelerar, ei mobilkran som kan løfte opp til 600 tonn og vår 'Flex' lekter kan Ulstein jobbe raskt og trygt ved eige verft, og ta på seg oppdrag langs kysten av Noreg. 

Jostein Sørnes leier tungløftsavdelinga til Ulstein Verft. Med lekter, beltekran og multiwheeler utfører dei løfte- og transportoppdrag langs heile norskekysten. Foto: Egil Reidar Ørsal.

Snakk med oss om:

  • prosjektering
  • kranløft
  • transport av konstruksjonar
  • bruk av lekter, beltekran og multiwheeler

Mobilkran

Terex CC2800-1 beltekran
Maks kapasitet 600 tonn
60 m arm: 14 m radius, løftekapasitet 476 tonn
114 m arm: 14 m radius, løftekapasitet 162 tonn

Video: Kranløft på 250 tonn. Mobilkrana Terex CC2800-1 løfter av kranhus og kran på ei av kaikranene ved Ulstein Verft.

Transport trawler vard aukra 1

Multiwheeler-transport

2 Goldhofer SPMT (Sjølvgåande modultransporterar).

Dei to modultransporterane har ei samla løftekapasitet på 640 tonn. På eksterne oppdrag tek vi dei med oss på ein lekter i lag med mobilkrana.

'Flex'-lekter

Lengd: 67 meter
Bredde: 21 meter
Maks kapasitet: 3,697 tonn

Video: Last av 750 tonn med vinsj-pakkar hos I.P Huse sine produksjonsfasilitetar. 

Fasilitetar ved verftet

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft for å betena behova dine.

Yno 302 at Ulstein Verft being launched from the dock hall

Tørrdokk og dokkhall

Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø. 

Paintwork on the PX121 designed platform supply vessel NAO Thunder. Photo: Karl Otto Kristiansen.

Sandblåsing og grunning

Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat. 

Service aftermarket

Kranløft og transport

Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

Verftet Blue Skip 2015

Mobilisering og demobilisering

Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.

PES8393

Rørbøying

Kvalitetsrør sidan 1996. 

Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.

Tidlegare oppdrag

Mobilkranloeft i Hamar Hamar kommune 2

Mobilkrana på første innlandsoppdrag

Etter 44 mil på vegen over fjellet frå Ulsteinvik, demontert og fordelt på 16 semitrailerlass, kom Ulstein Verft si mobilkran fram til Hamar for å løfte på plass ein del av Espern bru tredje helga i oktober 2023. Dette er første gongen tungløftsavdelinga gjennomfører oppdrag borte frå kysten.

Lossing av rør
Artikkel

Frakta rør 300 nautiske mil

Tungløftsavdelinga i Ulstein transporterte nyleg rør frå Håem/Håhjem på Sunnmøre til Storåvatn Kraftverk i Nordland, ei sjøreise på om lag 300 nautiske mil. Oppdraget vart utført for Hywer AS. 295 rør vart frakta på lekter med taubåt langs kysten. Røra hadde ei totalvekt på 1500 tonn, og det tyngste røret vog sju tonn.

Sjøsetting av bygg 147 på Salthammer.
Artikkel

Sjøsette bygg 147 på Salthammer

Måndag 20. september hadde Ulstein Verft si tungløftsavdeling eit nytt oppdrag ved Salthammer Båtbyggeri på Remmem i Vestnes. Der vart bygg 147, ein arbeidsbåt for Nærøysund Aquaservice i Trøndelag, sjøsett i samløft med mobilkrana på lekteren og verftet si hallkran.

Tungløftsavdelinga si mobilkran av typen Demag CC2800-1 kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter. Løftet av 150-tonns A-ramma frå Palfinger vart gjennomført utan komplikasjonar.
Artikkel

Fekk på plass A-ramma på 'Nexans Aurora'

Den 29. januar 2021 skulle den 150-tonns A-ramma monterast på DP3-kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'. Vi gjennomførte transporten og løftet av A-ramma, og brukte då multiwheelerane våre, lekteren og mobilkrana.

Kranløft
Ulstein Verft si tungløftsavdeling på plass på Averøy i samband med kranoppdrag. Foto: Egil Reidar Ørsal.
Artikkel

Løfta og frakta bort gangbru frå boligrigg

I fire dagar, frå 16. til 20. januar 2021, var Ulstein  Verft si tungløftsavdeling på Averøy Industripark. Med hjelp av lekter, mobilkrana og Goldhofer multiwheelerane var vi godt rigga for å løfte ned ei gangbru frå ein boligrigg i oljeindustrien.

Kranløft
Kranhiv ved Vard i Brattvåg med mobilkrana posisjonert på 'Flex'-lekter.
Artikkel

Kranjobb på Vard-verftet

7.-8. november 2020 var tungløftsavdelinga ved Vard-verftet i Brattvåg og monterte to McGregor-kraner på eit nytt kabelleggingsskip som er under bygging. Kranene kom med båt frå Kina, og vart lossa ned på 'Flex'-lekteren vår og ein innleigd lekter. Då vinden vart svak nok kunne ein montere (men regna gjorde det).

Kranløft
Tungløftsavdelinga i ferd med å sette katamaranen 'Erla Kongsdottir' på sjøen ved GS Marine Produksjon sitt anlegg. Foto: Egil Reidar Ørsal.
Artikkel

Sjøsette katamaran for GS Marine Produksjon

Onsdag 30. september 2020 var tungløftsavdelinga på plass ved GS Marine produksjon i Gursken for å sette på sjøen den 27 meter lange katamaranen 'Erla Kongsdottir', som er tiltenkt passasjertrafikk på Færøyane.

Kranløft

Ta kontakt

DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Beskrivelse
Section leader Heavy Lift/NDT operator
Tilknytning
Ulstein Verft AS
DSC4731 comp bw

Jostein Sørnes

Section leader Heavy Lift/NDT operator

Tilknytning
Ulstein Verft AS