Tungløftsavdelinga si mobilkran av typen Demag CC2800-1 kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter. Løftet av 150-tonns A-ramma frå Palfinger vart gjennomført utan komplikasjonar.

Fekk på plass A-ramma på 'Nexans Aurora'

Den 29. januar 2021 skulle den 150-tonns A-ramma monterast på DP3-kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'. Vi gjennomførte transporten og løftet av A-ramma, og brukte då multiwheelerane våre, lekteren og mobilkrana.

Publisert
03 mars 2021
Del
  • A-ramma i ferd med å bli løfta på kabelleggingsskipet 'Nexans Aurora'.
First of four fairings being mounted on the Nexans Aurora

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er under bygging ved Ulstein Verft. Etter levering til Nexans i 2021 skal det arbeide i marknaden for fornybar energi til havs. ‘Nexans Aurora’ skal installere kablar på havbotnen, inkludert kablar som skal koble på havvindparkar til nettet.

Tungløftsavdelinga sine to multiwheelerar har ein samla kapasitet på 640 tonn, og vi brukte multiwheelerane til å transportere og deretter løfte opp A-ramma til vertikal stilling. Etter dette nytta vi mobilkrana av typen Demag CC2800-1, plassert på lekteren vår, til å løfte og posisjonere A-ramma. Krana kan løfte opp til 400 tonn når ho står på lekter.

I store delar av februar har lekteren vore i bruk som arbeidsunderlag for andre typar kraninstallasjonar til fartøyet.
 


 

Siste nytt

Web Lofoten emergency 20260324 costguard drill Kay Fochtmann029
Artikkel

Redningsøving utanfor Lofoten: Naudslep av MS Spitsbergen

Tysdag 24. mars blei ei omfattande redningsøving gjennomført i havet utanfor Lofoten der eit nytt naudslepesystem for skip vart testa. Cruiseskipet MS Spitsbergen med 150 passasjerar om bord, Kystvaktskipet KV Barentshav og 330- skvadronen sitt redningshelikopter SAR Queen deltok.

Skipsdesign